Slik set du dagsorden

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 2 av 100 veit at dersom dei greier å samle inn nok underskrifter om ei sak, har dei rett til å få saka behandla i kommunestyret. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) reagerer på desse tala.

– Me må leggje endå betre til rette for lokalt engasjement. Eg vil difor vurdere endringar i ordninga som styrkjer retten til å få innbyggjarinitiativ fram for politisk handsaming, seier ho i ei pressemelding. Kommunal- og regionaldepartementet har fått evaluert regelen i kommunelova om innbyggjarinitiativ. Regelen gjev innbyggjarar som greier å samle inn nok underskrifter rett til å få behandla saker i kommunestyret. Innbyggjarane har nytta initiativretten i ein av fire kommunar, og eit av fem initiativ har ført fram.

– Ordninga gjev innbyggjarane høve til å få spørsmål dei er engasjerte i til politisk behandling. Det gjev unike mulegheiter til å setje dagsorden i eigen kommune. Då er det eit problem at ordninga ikkje er betre kjent blant folk. Både departementet, fylkeskommunane og kommunane må betre informasjonen, seier Navarsete.

Undersøkinga syner fleire interessante forhold:
    * Det har vorte fremja innbyggjarinitiativ i om lag 25 prosent av alle kommunane. Til saman har det vorte fremja mellom 200 og 250 initiativ frå  regelen vart teken i bruk i 2004 fram til i dag.
    * 20 prosent av initiativa har fått tilslutnad i kommunestyret.
    * Ordninga med innbyggjarinitiativ er lite kjent. Blant innbyggjarane er det berre om lag 2 prosent som veit at dei etter lova har høve til  å kome med initiativ som dei med nok underskrifter har krav på å få behandla i kommunestyret.
    * Det forskarane oppfattar som ei streng tolking av omkampregelen, gjer at mange initiativ ikkje kjem opp i kommunestyret.

I rapporten vert det gitt tilrådingar om kva som bør gjerast som oppfølging av undersøkinga.

– No skal me vurdere dei innspela me har fått. Det er eit problem at så mange saker vert avviste og at det er administrasjonen som i mange tilfelle avviser. Her bør mange kommunar vurdere  praksisen sin og i større grad la politikarane ta stilling til om saker skal opp til behandling. Rapporten  vurderer behov for justeringar i ordninga. Dette er noko vi no vil sjå nærare på, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ordninga er evaluert av Norsk institutt for by- og regionforskning saman med Uni Rokkansenteret, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Faktaboks

Kommunestyret eller fylkestinget pliktar sjølv å ta stilling til eit forslag som gjeld kommunen eller fylkeskommunen, dersom minst 2 prosent av innbyggarane, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget. Dette må dei gjera seinast eit halvt år etter forslaget blei fremja.

Les meir om innbyggjarinitiativ!