Slik fekk Andreas (23) draumejobben

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva er det eigentleg jobben går ut på?

Spørsmåla er mange når Andreas Orset frå Ski møter kjentfolk på Vinjerock ved Eidsbugarden i Jotunheimen.

Noreg på kryss og tvers

Han har brukt sin første månad i ny jobb på å gå 400 kilometer frå Oslo til fjellfestivalen i Jotunheimen der han har halde foredrag for nyfikne friluftsentusiastar.

– Eg rekna litt på det, og om eg held fram i dette tempoet så har eg gått to gongar Noreg på langs i løpet av året, smilar han.

For ein månad sidan byrja 23-åringen i jobben som eventyrar og skotestar på oppdrag frå ski- og fjellskoprodusenten Alfa, i samarbeid med Norsk Friluftsliv og Visit Norway.

I litt over eitt år skal han gå Noreg på kryss og tvers. Undervegs skal han prøva ulike friluftsaktivitetar, samt dokumentera og blogga om det han opplever.

Bootcamp med Alexander Gamme
For å skilja seg ut gjorde Andreas seg flid med søknad og CV, i tillegg til at han la ved både bilete og filmar han hadde laga.

Slik vart han éin av 30, av i alt 1030 søkjarar, som fekk i oppgåve å laga ein film om seg sjølv. Av desse var det ti som gjekk vidare til ei finalehelg i Oslo leia av eventyrar Alexander Gamme. Frå denne bootcampen vart tre stykk valt ut til fleire intervju og personlegdomstestar.

– Eg trur miksen av dei erfaringane eg har passar godt i ein jobb som eventyrar. Både det at eg kan bere tungt og gå langt, at eg lærte mykje om friluftsliv i Forsvaret og at kan mykje om tv og kamera, seier Orset, som i tillegg til ei økonomutdanning frå Noregs handelshøgskule har vore fjernoppklaringssoldat i Forsvaret og jobba som tv-fotograf i 6 år.

– For meg er det draumejobben og det veit eg at det er mange andre som synst òg.

Har du ikkje tid til å gå tur i eitt år? Du kan alltids leggja ut på eit kortreist mikroeventyr! 

40 kilos sekk

Løna er ifølgje han sjølv tilsvarande den han hadde hatt som økonom, men arbeidsdagen er noko ganske anna.

– Så langt føler eg at eg berre er på ferie. Ein arbeidsdag for meg er ein vanleg turkvardag for andre folk. Eg står opp når eg vil, og har ikkje så mange faste haldepunkt. Eg prøvar å prata med mange lokale og få tips og triks om stader eg burde dra. Det er ein deilig kvardag, konkluderer 23-åringen frå Ski.

Etter ein lang dag med vandring skal Andreas gjerne blogga om det han har opplevd.

På ryggen har han rundt 40 kilo med nødvendigheiter, som telt, kamerautstyr, data og solcellepanel.

For å førebu seg til turen har Orset gått tur med sekk nesten dagleg. Ei anna utfordring er å ete nok.

– Sjølv om eg et ekstremt mykje så merkar eg allereie no at eg går ned i vekt, noko som uroar meg, for eg skal jo halde på med dette i eitt år.

Til frukost går det i ei havregrynblanding, som er den same som Børge Ausland brukte til Sydpolen, med mykje smør. Elles går det i tørrmat og så mykje feitt som mogleg.

Fleire drøymer om å leva som eventyrarar. Villmarksjenta Maria Grøntjernet er i ferd med å realisera draumen

Reklame for naturen

Vegen vidare no går nordover til Lyngsalpene, Lofoten, Senja, Andøya og kanskje Saltfjella, men han skal ikkje gå heile vegen opp.

– Har du tenkt over det å vera ein reklameplakat?

– Eg har tenkt litt over det. Prosjektet er jo mykje større enn at det berre er ein skotest. Ein del av oppdraget mitt er å inspirera nordmenn til å gå meir på tur og ta i bruk den vakre naturen me har. Så eg prøver å fokusera meir på det enn å vera ein reklameplakat, seier Andreas, som har avgrensa logoane til shortsen og sjølvsagt skomerket.

LES OGSÅ: – Å jobba frilvillig er den beste måten å bli integrert på