Rektor tør å vere meir sjef
Innføringa av ei nasjonal rektorutdanning har gjort rektorane betre til å leie – og tryggare på at dei faktisk skal leie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei fersk evaluering av nasjonalt program for rektorutdanning, eit utdanningstilbod som starta i 2009.
LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig
Trygge rektorar
Over 2.000 rektorar har til no teke vidareutdanning gjennom programmet, men det er framleis rundt 30 prosent av norske rektorar som ikkje har rektorutdanning.
Evalueringa, som er gjennomført av Nifu og NTNU Samfunnsforskning, viser at rektorar som har teke utdanninga, opplever at dei står tryggare i leiarrolla og at utdanninga har bidrege til meir anerkjenning av rolla som rektor.
Dei har også ei meir undervisingsorientert leiing og gir lærarane sine tettare fagleg oppfølging enn rektorar som ikkje har teke utdanninga.