Prisar Anna R. Folkestad for Unni og Gunni

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen er på 30.000 kroner og vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Juryen meiner at denne tilsynelatande enkle boka er eit viktig bidrag i norsk barnelitteratur gjennom måten ho introduserer forteljande dikting for dei yngste lesarane på.

Anna R. Folkestad er fødd i 1983, og kjem frå Stord. Ho jobbar også som illustratør, og har laga illustrasjonane til dei tre bøkene sine om Unni og Gunni og boka Henrik And.

Grunngjeving frå juryen:
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2012 har skrive og illustrert ein ny biletbokserie for dei yngste lesarane som utgjer eit viktig bidrag innafor ein barnelitterær sjanger som lenge har vore prega av omsette bøker. Ved å skape kvalitetsbøker for små barn viser forfattaren at ho tek denne lesargruppa på alvor, noko juryen meiner forfattaren skal ha heider for.

Med vinnarboka etablerer forfattaren eit særprega og tydeleg univers for dei yngste. Handlinga går føre seg i arktiske strok, med dei talande pingvinane Unni og Gunni som hovudpersonar. Desse karakterane er enkle, men likevel individualiserte, og den visuelle karakteriseringa framstiller også pingvinane med eit visst kjensleregister. Slik framstår persongalleriet både oversiktleg og engasjerande for dei yngste lesarane.

Handlingsstrukturen er enkel og tilpassa mottakargruppa: Bygd over det veletablerte barnelitterære mønsteret heime – borte – heime inviterer forteljinga lesaren med på Unni og Gunni si magiske reise på eit flygande teppe, ei reise som både er omgrepsutviklande og spanande på same tid. I god barneboktradisjon endar Unni og Gunni heime til slutt, om enn i ekte Janosch-stil slik vi kjenner den frå Til Panama, til Panama. På denne måten formidlar boka at reisa heimafrå kan gje nye perspektiv på det vante. Vittige og overraskande poeng kjem fram gjennom eit vellukka samspel mellom tekst og bilete, som gjev rom for meddikting og fantasi.

Juryen meiner at denne tilsynelatande enkle boka er eit viktig bidrag i norsk barnelitteratur gjennom måten den introduserer forteljande dikting for dei yngste lesarane på. Også dei andre bøkene og appane om Unni og Gunni stadfestar inntrykket frå vinnarboka om at prisvinnaren har greidd å skape eit barnebokunivers med stort potensial.

Boka er gjeven ut på Det Norske Samlaget.

Det er Noregs Mållag som deler ut Nynorsk barnelitteraturpris. Det har dei gjort sidan 1968. I juryen har Anne Marit Godal, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret sete.

LES OGSÅ: Heidrar Lars Amund Vaage

Faktaboks

Les meir om Anna R. Folkestad på Samlaget.no.