Politiet går hardt ut mot tiggeforslag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hardt ut mot tiggeforslag

Forslaget til regjeringa om å la kommunane bestemme sjølv får gjennomgå i politiets høyringssvar.

Fem politidistrikt har kome med kommentarar til høyringa – Asker og Bærum, Oslo, Nordre Buskerud, Søndre Buskerud og Vestoppland. I tillegg har Romerike politidistrikt svart, men utan å ha merknader av verdi.

Saman med Politidirektoratet åtvarar politidistrikta sterkt mot å gje kommunane makt til å regulera tigging lokalt gjennom politivedtektene.

I staden bør det nasjonale forbodet mot tigging innførast på nytt, meiner politiet, som ser på tigginga som eit alvorleg sosialt problem. Det nasjonale forbodet blei oppheva i 2005.

Sosialt problem
Ifølgje Oslo politidistrikt er det «ingen tvil» om at det er behov for å innføra nye reguleringar. Tigginga «viser seg stadig mer problematisk for byen, politiet, det alminnelige publikum og tiggerne selv», skriv visepolitimeister Roger Andresen i høyringssvaret, som først blei omtalt av Aftenposten.

«Det store antallet bostedsløse lever under vanskelige forhold, og skaper stedvis uholdbare miljømessige belastninger i delar av byen», åtvarar han.

Politidirektoratet strekar under at tigging først og fremst er eit sosialt problem som difor ikkje lèt seg løysa gjennom kriminalpolitiske tiltak åleine.

Men erfaringane frå Oslo viser at tigging har ført med seg «ikke ubetydelige ordensproblemer, utrygghet blant befolkningen og utbredt vinningskriminalitet», og eit forbod vil kunna hjelpa, slår direktoratet fast.

Saknar grunngjeving
I høyringssvaret frå Oslo politidistrikt blir det argumentert sterkt for eit nasjonalt tiggeforbod.

Det å regulera «ulikt fra kommune til kommune via politivedtektene savner en fornuftig begrunnelse, utover at regjeringen ikke ønskjer å ta beslutninger selv», skriv visepolitimeister Roger Andresen.

Han peikar på at tiggarane er mobile: «Dersom tigging er tillat noen steder og forbudt andre, vil tiggere flytte på seg, snarere enn opphøre med virksomheten.»

Ifølgje Andresen vil eit lokalt forbod samtidig vera vanskeleg å handheva. Mellom anna vil det i praksis vera vanskeleg å driva inn førelegg som blir skrive ut til personar som ikkje bur i Noreg, meiner han.

Ønskjer vedtak før sommaren

I alt 21 høyringsinstansar – der politiet blir rekna som éin instans – har kome med merknader til forslaget frå regjeringa. Høyringsfristen gjekk ut 12. april.

Justis- og beredskapsdepartementet ønskjer ikkje å kommentera dei konkrete innspela som har kome inn i høyringsrunden.

Målet til regjeringa er å få det nye regelverket på plass før sommaren.

– Vi er i ferd med å gå gjennom alle høyringssvara som har kome inn. Regjeringa tek sikte på å leggja fram eit lovforslag for Stortinget så raskt som mogleg, slik at Stortinget kan behandla saka i vårsesjonen, seier statssekretær Hans Røsjorde (Frp).

På Stortinget er Venstre og KrF mot tiggeforbod. Men regjeringspartia Høgre og Frp kan likevel få fleirtal saman med Senterpartiet. (©NPK)