Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom
Politiet har teke hand om 14 aktivistar som freista å stogge prøveboringa i Engebøfjellet ved Førdefjorden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her fjernar politiet aksjonistane
Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane.
LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden
Klaga til Kongen
Noreg har fått mykje kritikk for å opna for at selskapet får dumpe gruveavfallet Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.
Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd.
Sjølv om klagene enno ikkje er behandla, har selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.
Aksjonistane frå ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet hadde i dag tidleg sett opp traktordekk, nokre trebukkar og ein lavvoo, slik at anleggstrafikken ikkje kom fram.
LES OGSÅ: Natur og Ungdom blokkerer vegen ved planlagt gruveanlegg
Fysiske hindringar
Dette synet møtte dei som i dag freista å ta seg fram til anleggsområdet i Engebøfjellet:
Denne vegen skulle gruveselskapet Nordic Mining eigentleg ha køyrt opp i dag: #reddfjordene #jeglenkermeg pic.twitter.com/pZsrPpnY5u
— Gaute Eiterjord (@GauteEiterjord) 2. februar 2016
Fleire av aksjonistane var frå området og lokale støttespelarar stilte med bollar og suppe.
Direktør i Nordic Mining Ivar Fossum møtte aktivistane for å få dei til å flytta seg, utan hell.
LES OGSÅ: Ingrid skjoldvær er ny leiar i NU: Lovar kamp mot olje og gruvedumping
«Nordmannen»
Då politiet kom song aksjonistane «Nordmannen» av Ivar Aasen, som ofte vert kalla «Mellom bakkar og berg».
Ifølgje Natur og ungdom sine Twitter-oppdateringar frå aksjonen, fekk aksjonistane 15 minutt på seg til å fjerne seg frivilleg frå området.
17 politifolk og brannvesen skal, ifølgje Natur og Ungdom sitt eige magasin Putsj, ha delteke i aksjonen.
Politiet les opp kunngjering om at aksjonistane må flytte seg pic.twitter.com/UnEaVZmRcy
— Natur og Ungdom (@NaturogUngdom) 2. februar 2016
Då dei framleis nekta å fjerne seg greip politiet inn.
Aksjonistane vart skorne laus og borne bort.
— Natur og Ungdom (@NaturogUngdom) 2. februar 2016
Neste gruppe pic.twitter.com/X5WxdCYiwP
— Natur og Ungdom (@NaturogUngdom) 2. februar 2016
Leiaren lovar meir
Litt etter klokka 14.00 var aksjonistane frakta bort av politiet.
Leiar Ingrid Skjoldvær og dei andre aksjonistane vart frakta til Florø politistasjon.
– Me venta at det skulle skje, men me gir oss ikkje med dette. Me vil halde fram med aksjonane framover – så lenge det trengs. Me har aktivistar klare som er villige til å lenka seg òg dei neste dagane og vekene, seier Skjoldvær til Putsj.
LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden