Optimistar trass alt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit økonomisk turbulent år har sett sine spor òg i Hordaland. Det kjem til uttrykk i lågare forventingar i årets Næringsbarometer. Forventingsindeksen fell frå 35 til 22 poeng samanlikna med januar i fjor, og investeringsindeksen ligg nær null. Nedgangen skuldast først og fremst ein kraftig nedtur i mai-målinga, då forventingane nådde sitt lågaste nivå sidan finanskrisa. Eksportnæringa i fylket har til dels blitt hardt råka. Nær halvparten av verksemdene som eksporterer til Europa melder om redusert eksport i 2012.

Langt frå heilsvart
Men biletet er langt frå heilsvart. Optimistane er framleis i fleirtal i Hordaland, og eksporten er på veg opp att. Ei av tre eksportverksemder ventar å auke eksporten det komande året. Berre ein av ti ventar nedgang. Næringsbarometeret viser at dette også gjeld verksemder som eksporterer mykje til Europa. Vi sporar ein viss oljeoptimisme blant verksemdene i fylket, men mykje tydar på at det er liv laga også i skuggen av oljeøkonomien.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Sterkast oppgang
Reiseliv og industri er næringane med sterkast oppgang i forventingane sidan nedturen i mai-målinga. Trass euro-krise viser SSB sin statistikk vekst i talet på gjestedøger i 2012. Kristian Jørgensen i Fjord Norway fortel at nedgangen i euro-turistar blir veid opp av auke i talet på turistar frå andre land i Europa – og av ferierande nordmenn. Signala frå industrien er òg positive, ikkje minst når det gjeld utsiktene til nye investeringar. Investeringsindeksen går opp med 20 poeng frå januar i fjor. Slik sett skil Næringsbarometeret seg frå dei observasjonane som NHO har gjort for norsk industri generelt.

Det er venta ein vekst i talet på tilsette som jobbar med kultur og reiseliv med 750.

LES OGSÅ: Vestlandet dominerer

Auka investeringar
Næringsbarometeret tyder dessutan på at det går godt også for den delen av industrien som ikkje er knytt opp mot olja. Nesten halvparten av verksemdene i denne gruppa ventar å auke investeringane i 2013. Det er langt fleire enn blant dei petroleumsretta industriverksemdene. Situasjonen er annleis i byggjenæringa, som verkar meir prega av turbulensen siste året. Byggjenæringa er den einaste kor samla forventingsindeks framleis peikar svakt nedover. Det skuldast først og fremst eit kraftig fall i investeringsindeksen.

5.700 nye arbeidsplassar
Ifølgje Næringsbarometeret ligg det an til 5.700 nye arbeidsplassar i fylket i løpet av året. Utfordringa for mange verksemder er difor å sikre rekruttering av kvalifisert arbeidskraft. Nesten 40 prosent av verksemdene har problem med å rekruttere relevant personell. I industrien, byggjenæringa og offentleg sektor melder nær halvparten om rekrutteringsvanskar.

Blant dei petroleumsintensive verksemdene melder så mange som sju av ti om mangel på ingeniørar og sivilingeniørar.

LES OGSÅ: – Spennande å vera ein del av oljeeventyret