Norske filmar mest sett på kino
2016 ser ut til å bli det best besøkte kinoåret på fleire tiår, og alle dei tre mest sette filmane på kino i år er norskspråklege.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er sjeldan me har tre norske filmar på topp, seier direktør Guttorm Petterson i bransjeorganisasjonen Film & Kino.
Den aller best besøkte filmen er «Kongens nei», som over 700.000 har sett. 439.000 har sett «Snekker Andersen og Julenissen», og 436.000 «Børning 2». «Kongens nei» er òg blant dei ni filmane som kjempar om fem nominasjonar til Beste ikkje-engelskspråklege film til Oscar-utdelinga.
LES OGSÅ: «Kongens nei» norsk Oscar-kandidat
Til saman kjem nordmenn til å ha gått på kino 13 millionar gongar ved utgangen av 2016, noko som gjer det til det beste kinoåret sidan 1980-talet.
Les også intervjuet med kinohaustkongen Anders Baasmo Christiansen!
Meir filmnytt: