Nei til valfritt sidemål i Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget frå Høgre-representant Sondre Rasch fekk berre støtte frå 32 av 67 representantar, melder bt.no. Høgre, Frp og delar av Venstre stemte for, medan Ap, KrF, Sp, SV og Dei grøne stemte mot.

– Så fort ein kjem utanfor Bergens grenser, står nynorsken sterkt. Vi oppfører oss ofte like arrogant overfor dei andre vestlandskommunane som Oslo gjer overfor Vestlandet som heilskap. Vi er opptekne av at Bergen skal vere Vestlandets hovudstad, sa Roger Valhammer (Ap).

– Ingen blir større av å gjere noko anna mindre. Skal ein lære seg norsk, treng ein kunnskapar i sidemål også, sa Idun Bortne (V), ifølgje bt.no.

LES MEIR OM SIDEMÅL HER!