Når staten tilbyd kriminelle giftsprøyte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opnar opp for eutanasi til folk med psykiske lidingar, varskur kritikarar.

Saka vart først publisert hos Dag og Tid.

«Dette er ein skamplett for justisen», «det tyder innføring av dødsstraff». Slik var reaksjonane i pressa etter at nyhendet kom om at den belgiske justisministeren har sagt ja til eutanasi til ein fengselsfange. For fyrste gong i historia skal ein straffedømd person få utført aktiv dødshjelp.

Mannen det er tale om, heiter Frank Van Den Bleeken. Som tjueåring utførde han ei rekkje valdtekter, ei av dei enda i drap. Det var i 1980-åra. Men no har han fått nok – han vil ende livet sitt, og det har han altså fått lov til. Belgia er delt i synet på domen. Kritikarar meiner avgjerda ikkje berre er ei snikinnføring av dødsstraff, men òg opnar for aktiv døds­­hjelp til personar med de­­mens og sterke psykiske liding­­ar.

LES OGSÅ: Lost in translation

Sårbar drapsmann
Veltalande, intelligent og – ved fyrste augnekast – ein mann med eit sårleg ytre. Slik skildrar belgiske medium Frank Van Den Bleeken. Under rettssaka i 1980-åra erklærte domarane flam­lendingen for utilrekneleg. Men sidan det ikkje fanst ein psykiatrisk institusjon som kunne ta imot han, vart han sett i fengsel.

Lagnaden til Van Den Bleeken peikar på ei uhyggjeleg side ved belgisk psykiatri. På grunn av plassmangel sit meir enn 1100 belgiarar med diagnose som utilrekneleg i belgiske fengsel. Van Den Bleeken har sete om lag tretti år i ei fengselscelle. Europarådet og EU-domstolen har dei seinaste åra kritisert tilhøva i belgiske fengsel. Særleg dårlege er vilkåra for folk som har gjort alvorlege brotsverk på grunn av psykisk sjukdom, som tilfellet er med Van Den Bleeken.

LES OGSÅ: Lost in translation

«Uuthaldande, psykiske lidingar»
Den sorgsame drapsmannen med den stygge lidinga har vorte ein kjendis i Belgia. I 2010 kom det ut ein dokumentar om Frank Van Den Bleeken. Dette var hans kommentar om fengselsstraffa: «Eg sit her i ein sarkofag og ventar på at eg skal døy.»

I slutten av 2010 søkte Van Den Bleeken difor om eutanasi. Som nemnt må ei slik vurdering takast av eit team av psykiatrar. Dei kunne stadfeste at han leid av «uuthaldande, psykiske liding­ar». Belgiaren seier sjølv han ikkje maktar å kontrollere den valdelege seksualiteten sin. Men lækjaren til Van den Bleeken var ikkje viljug til å utføre handlinga – eutanasi ville då fungere som ei reserveløysing for skorten på psykiatrisk behandling. Det ville vera å dekkje til låkt arbeid i justisen.

Ved hjelp av lækjaren søkte Van Den Bleeken om å bli flytt over til Nederland, der langtidsavdelinga i den såkalla Pompestiftinga kunne tilby han den naudsynte hjelpa. Men etter juridisk usemje vart det klårt at det belgiske justisdepartementet ikkje kunne godta ei slik overføring.

Frank Van Den Bleeken vende dermed attende til det tidlegare ynsket sitt: giftsprøyta. Og no er det fritt fram. Like viktig som at justisministeren har gjeve grønt ljos for avliving, er det at flamlendingen har funne ein lækjar som er viljug til å utføre handlinga.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Femten nye søknader
Kva blir Van Den Bleeken så ut­­sett for? Statleg avretting eller friviljug eutanasi? Er det snikinnføring av dødsstraff? Det spør kritikarane av domen. Eller er det heller tale om flukt frå ei straff?

«Kvifor skal vår systers drapsmann få lov til å døy med vyrdnad når lidinga vår enno varer», spør systrene til jenta han drap. I alle fall har utfallet hatt ein dominoeffekt: Femten nye innsette har levert inn søknad om eutanasi til det såkalla ULteam, ein klinikk i Belgia som yter dødshjelp.

Det fortel lækjaren attom klinikken, Wim Distelmans, professor i palliativ medisin ved Det frie universitetet i Brussel. Han er kjend som ein pådrivar for den belgiske eutanasilova som kom i 2002, han leier komiteen som held oppsyn med dødshjelpspraksisen i Belgia og har sjølv medverka til å avslutta mange liv.

Han er særleg kjend for hjelpa han i 2012 ytte til tvillingparet Marc og Eddy Verbessem, som leid fordi dei begge var dauve og var i ferd med å bli blinde. «Ikkje å kunne sjå kvarandre meir vil vera uuthaldeleg. Vi vil heller døy», sa dei.

Slike tilfelle, der ikkje fysisk liding, men ei psykisk eller eksistensiell uro er i sentrum, har meir og meir kome i framgrunnen i eutanasipraksisen i Belgia. Distelmans ser inga hindring her. «Dr. Death» som utanlandsk presse kallar han, ordna det så at brørne fekk ande ut. Han har òg ytt hjelp til ein person som har gjennomført eit mislukka kjønsskifte.

Men jamvel doktor Død ser med uro på vedtaket om eutanasi til Frank Van Den Bleeken. Han meiner vi bør ta høgd for at spørsmålet om eutanasi vedkjem samfunnet som heilskap: «Kva belgiar vil løyve meir midlar til fengselsfangar?», spør Distelmans retorisk til ei belgisk avis og seier: «Det er eit samvitsspørsmål. Eit menneske kan ikkje ofrast, fordi mottaksapparatet for psykisk sjuke er for dårleg.»

LES OGSÅ: Grunnlov som symbolpolitikk

Ventar fleire søknader
Kritikarar ottast talet på søknader vil auke endå meir. Og det har skjedd. Denne veka bad Farid Bamouhammad om dødshjelp – han er ein annan fange som har vorte kjend i Belgia.

Bamouhammad Farid er fengsla for drap, drapsforsøk og freistnad på kidnapping. Han seier til den vallonske kringkastinga RTBF at han heller vil døy enn å sitja i eit fengsel som han skildrar som helvete. Dødsynsket kjem «trass i tilhøvet til mor mi og kjærleiken til dotter mi, det strid òg imot livet eg vil leva», strekar han under.

Farid Bamouhammad har vorte overførd frå eitt fengsel til eit anna heile 167 gonger, og han blir rekna som ein av dei farlegaste fangane i Belgia. Det kjem neppe som ei overrasking at Bamouhammad truleg ikkje vil få ynsket sitt oppfylt.

For ikkje alle som søkjer aktiv dødshjelp, har rett på det. Kvar søknad blir handsama individuelt. I tilfelle med søknader knytte til psykiske lidingar er kravet at tre psykiatrar må vurdere situa­sjonen, og ein må finne ein lækjar som er viljug til å utføre eutanasi – om det tyder å setja giftsprøyta eller gjera henne klar for assistert sjølvmord.

Vi støkk når vi les dette – for eit skruppellaust folk! Men samstundes skal det seiast at belgiske lækjarar har rett til å nekte å utføre abort dersom det strid imot samvitet deira – motsett det som er tilfellet med norske lækjarar. Det viser til ein borgarleg tradisjonen som har stade sterkt i Belgia, der sjølvråderetten til indivitet står i høgsetet.

LES OGSÅ:I belgisk asyl

Kva med andre psykisk sjuke?
«Eg lurer på om denne saka ikkje er ein døropnar for aktiv dødshjelp til personar som lid av de­­mens eller alvorlege psykiske lidingar som depresjon. Det har alt vore tilfellet, der folk med depresjon som psykisk diagnose har søkt om eutanasi. Snart kjem vi til det punktet at bestemødrer får aktiv dødshjelp, fordi dei har kravd det, endå dei ikkje var ved sans og samling då dei bad om det.»

Det seier Carine Brochier frå Det europeiske bioetikk-instituttet i Brussel.

Faktisk ser òg organisasjonen som kjempar for retten til å døy i Belgia, «Association pour le droit de mourir dans la dignité», med uro på domen i høgsterett. Dei meiner Belgia bør betre det psykiske helsevernet, men dei meiner samtidig at Belgia i det store og heile er på rett kurs:

«I motsetning til Frankrike råder det i Belgia eit visst sosial samhald i høve til spørsmål om eutanasi. Lova om aktiv dødshjelp for born vart vedteken utan at det skapte stor usemje. Eg trur at det belgiske samfunnet er tolleg vakse i høve til denne debatten. Og det kan ein vera glad for», seier Benoît van der Meerschen til belgiske medium.

Andre er òg nøgde. Familien til Frank Van Den Bleeken seier dei er letta over domen. Når som helst kan drapsmannen forlata fengslet og fara til næraste sjukehus og ta imot giftsprøyta. Eksakt når det vil skje, er enno ikkje klart. Det einaste visse er at han vil få 48 timer på sjukehuset til å seia farvel til familien.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen