Mikroskopisk instagram
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei færraste veit at utstyret vårt finst, så då er Instagram ein fin moglegheit for å vere synleg, fortel Lene Cecilie Hermansen, overingeniør ved mikroskopsenteret på NMBU Campus Ås.
Hermansen nyttar Instagram til å reklamere for dei svært avanserte mikroskopa som studentar og tilsette ved universitetet kan benytte seg av. Blandt følgjarane er både NMBU-rektor og internasjonale mikroskopientusiastar.
– Det er viktig å ha det litt gøy på jobb. Forskarane som nyttar mikroskopa våre jobbar med alle moglege spennande ting, så det vert masse fine bilete, seier ho Eitt av dei der denne gullelagte honningbia:
Hermansen er ikkje den einaste norske mikroskopisten som nyttar Instragram til å formidle forskinga si.
Jannicke Wiik-Nielsen er forskar på Veterinærinstituttet, og postar både fine og skumle bilete av mikroskopiske organismar:
Evie Alexander underviser i naturfag på ein vidaregåande skule i new York, og legg ut mikroskopbilete av smådyr som lev i innsjøar i Central Park. Før jul posta ho denne videoen av eit bjørnedyr:
Her er videoen hennar av ein nematode (ein rundorm nytta i forsking) som vrikkar seg framover:
Tracy Scott er teknikar i ein lab nord i New York, der dei forskar på muggsopp.
Selskapet Zeiss legg ut fargerike bilete og videoar frå dei svært avanserte mikroskopa dei lagar. Eitt spektakulært døme er ein video som viser dei fem første levedagane til ei grashoppe:
Britiske Mazurek Microscopes satsar på ein meir abstrakt stil, og inkluderer bilete frå kjemi og geologi, slik som det antibakterielle stoffet sulphanilamide:
God fredag!