Melankoli på nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har omsett alle songane mine til nynorsk. Direkte. Utan omsyn til rim og rytme. Det er ein musikalitet i det likevel, då setningane eg skriv oftast er veldig raffinerte og heile teksta er såpass forteljande, skriv Egil Olsen i ein e-post til Framtida før han kastar seg i bilen.

LES OGSÅ: Show i tunnelen

Morosam melankoli
I kveld har Egil Olsen konsert på Parkteatret i Oslo i samband med at han slepp liveversjon og –film av sisteplata «ooo what happened».

Sjølve innspelinga er gjort ein kald sommarkveld i Ocean Sound Recordings i havgapet på sunnmørsøya Giske, difor er tittelen på den nye plata vorte «ooo this happened (on a cold summer night at ocean sound recordings».

Musikaren frå Ørsta byrja å skriva låtar då han budde eitt år i USA og har difor funne songstemma si på engelsk.

Då han i 2012 vart valt som festspeldiktar under Dei nynorske festspela omsette han alle tekstane sine til nynorsk. Slik vart det til at «nothin (i don’t cry anymore)» vart til «ingenting (eg gret ikkje lengre)», som er eitt av bonusspora på den nye utgjevinga.

Musikaren valde å ha med den nynorske versjonen av nettopp denne låta fordi ho i utgangspunktet er ei veldig vond tekst.

– På nynorsk, for nordmenn, blei det enda nærare og sårare. Så mykje at det eigentleg blir litt morosamt. Eg skriv oftast tekster som er ganske spesifikke og forteljande og vil alltid vere sikker på om eg får sagt det eg vil sei, sjølv om det er på engelsk. Då kan det vere fint å ta ein sjekk og omsetje det til nynorsk, forklarar Olsen, som òg har skrive nokre låtar på norsk.

– Det som er gøy med å skrive på norsk er at ein har høyrd det sjeldnare, spesielt om du skriv på dialekt. Då er det lettare å føle at du gjer noko nytt. Samstundes har det å skrive på norsk store avgrensingar om ein vil ha verda som publikum, erkjenner Olsen.

LES OGSÅ: Ny teikneserie om «rockestjernelivet»

Tre kvarter med Olsen
Han ventar seg ikkje at utgjevinga vert ein megahit, men vonar at nokon vil setja pris på tre kvarter med Egil Olsen – nesten åleine i studio.

Og for dei som vil ha meir nynorsk melankoli kjem ørstingen med lovande nyheiter. Han kjem til å halde fram å både omsette og skriva norske låtar framover. Men år dei kjem ut, veit han ikkje.

egil olsen – ingenting (eg gret ikkje lengre) from egil olsen on Vimeo.