Med spelefilm og bok om brotne draumar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste fire, fem åra har Gunnhild Øyehaug arbeidd saman med regissør Yngvild Sve Flikke om å laga filmmanus av den kritikarroste romanen til Øyehaug «Vente, blinke». Opptaka blei gjort i sommar. No startar klippinga. Neste år får publikum sjå resultatet på kino.

– Eg er svært forventningsfull og spent, men eg har ei kjensle av at det blir veldig bra, seier Øyehaug, som har sett smakebitar av opptaka og meiner dei verkar lovande.

LES OGSÅ: Turbostart for «Børning»

Store kjensler i sving
Filmen handlar om tre kvinner som på ulike vis opplever at livet tek ei anna retning enn dei har drøymt om. Litteraturstudenten Sigrid forelskar seg i den eldre forfattaren Kåre Tryvle, medan performancekunstnaren Trine opplever store kvalar då ho blir gravid like før ho står framfor gjennombrotet sitt som kunstnar.

I filmen møter vi også ein heilt ny karakter: Den kvinnelege lagersjefen Agnes i sekstiåra. Ho er eigentleg forfattar og hadde ein klar ambisjon om å gjera akademisk karriere, men draumen stranda då ho bli gravid og adopterte bort barnet sitt i desperasjon.

– Dei tre kvinnene har alle ein ambisjon om kva dei skal, men så skjer det noko uventa som stiller ambisjonane deira på prøve, oppsummerer Øyehaug. Ho meiner filmen handlar om kva vi ser for oss at vi skal bli – og kven vi faktisk blir.

– Kanskje var vegen vi trudde vi skulle gå på faktisk eit sidespor, seier ho og held fram:

– Det handlar også korleis vi prøver å skapa oss sjølve i blikket til andre, og at vi kanskje kavar litt med å leva opp til forventingane, både frå oss sjølve, og frå andre.

Det er med andre store kjensler i sving. Samtidig forsikrar Øyehaug at filmen – på same måte som boka – har mykje humor.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Inspirert av film
– Det er første gongen du har skrive filmmanus. Men film er noko du har vore inspirert av lenge?

– Ja, det stemmer. Film er ei vel så viktig inspirasjonskjelde for meg som bøker og musikk. Mor mi gjekk på medielinja i Volda så dette med film er noko både eg og syskena mine fekk inn frå vi var små.

Romanen «Vente, blinke» er på mange måtar ein leik med filmmediet. Øyehaug gjer mellom anna ironisk bruk av filmforteljingsteknikkar og føreslår høvande kameravinklar til ulike scener. Det vrimlar også av andre referansar til filmverda.

– Då boka kom, var det mange som meinte det var ein svært filmatisk roman, og at det var som å lesa ein film. Eg opplevde derimot romanen som svært litterær. Eg synest ikkje det var nærliggjande å tenkja at det skulle bli ein film.

Regissøren Yngvild Flikke fekk henne derimot på andre tankar.

– Eg fekk stor sympati for den typen film ho ville laga. Dessutan var det eit fint høve til å læra noko nytt, seier Øyehaug, som blei spurd om å skriva filmmanus. Dei siste fire, fem åra har ho i tett samarbeid med Flikke arbeidd fram manuset.

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Sakna å skriva setningar
Då Gunnhild Øyehaug fekk spørsmål om ho ville laga filmmanus av «Vente, blinke», hadde ho akkurat fått ideen til ein ny roman. Forfattaren var skeptisk til korleis det skulle gå å kombinera dei to prosjekta, men uroa viste seg å vera grunnlaus. Ho opplevde i staden at filmmanuset gav henne ein ny driv til å skriva.

– Undervegs i prosessen sakna eg fridommen som ligg i å skriva setningar. Eg fekk ein sterk lengt etter å skriva litterært og sleppa å tenkja scene. Difor var det svært fint å ha romanen ved sida av, seier Øyehaug.

I september lanserer forlaget den nye romanen hennar «Uldis Brekke».

LES OGSÅ: «Beatles-gutane» fekk 60-talskurs

Meir om draum og røyndom
Romanen handlar om 38 år gamle Undis Brekke. Ho har prøvd å skriva ei doktorgradsoppgåve ved Universitetet i Bergen. På grunn av ei krise i privatlivet og i yrkessamanheng, greier ho derimot ikkje gjera ferdig oppgåva. I meir og mindre desperasjon flyttar ho tilbake til heimbygda si, ei oppdikta bygd på Sunnmøre og tek seg arbeid som norsklektor ved høgskulen i nabobygda.

Sjølv om det er mange parallellar til Volda og Ørsta, forsikrar forfattaren at både dei to bygdene og alle personane i boka er fiktive, men at ein del geografiske markørar i romanen er verkelege.

– Eg synest det har vore kjekt å fletta liv og fiksjon inn i kvarandre. Du skjønar kor du er. Sunnmøre er Sunnmøre, og både Flø og Ålesund blir nemnt. Eg føler eg har kilt ned to små bygder på Sunnmøre. Dei er der saman med alt det andre. Det er på sett og vis ein måte å konkretisera tilhøvet mellom det fiktive og det verkelege.

– Men tematisk høyrest det ut om du skriv litt om det same som i den førre romanen din?

– Ja, det kan henda. Eg blir ikkje ferdig med det, seier Gunnhild Øyehaug, som alt er i gang med endå eit nytt bokprosjekt.

LES OGSÅ: Manusmekkaren