Målungdommen får nynorskferje

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kjem nynorskferja

– Dette er rett og rimeleg, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom i ei pressemelding. Kravet om at ferjene i nynorskområde skal bruka nynorsk vart lagt fram i januar, og Norsk Målungdom reagerte på bokmålsbruken på ferjene på rutene Anda-Lote og Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane.

No er svaret frå Målungdommen klart – nynorsk er gjeldande for skilt og informasjonsopplesing.

– Språkrådet har slått fast at Mållova gjeld både til lands og til vanns, og me ventar at Norled, Fjord1 og dei andre ferjedriftarane fylgjer opp, seier han vidare.

LES OGSÅ: – For få barnebøker på nynorsk

Rimeleg
«Drifting av riksvegferjer er ei statleg oppgåve som blir sett ut på anbod av Statens vegvesen. Det er såleis rimeleg at det blir stilt dei same krava til skiltinga om bord på ferjer, som til skilt langs vegane», står det i brevet frå Språkrådet.

Målbruken på ferjene bør styrast av kommunane der ferjeleia ligg, står det vidare i brevet. Dei omtala ferjeleia ligg i kommunane Gloppen, Eid, Høyanger og Gulen, som alle har nynorsk som målvedtak.

LES OGSÅ: Her vinn nynorsken fram

Håpar ordførarane følgjer opp
Målungdommen håpar no at lokalpolitikarane følgjer opp.

– Her må ordførarar i nynorske ferjekommunar fylgje opp, og passa på at veljarane får sjå språket sitt der dei har krav på det, seier Hope i Målungdommen.

– Dei som driv ferjene i fylket forvaltar i røynda eit statleg tilbod. Tydelege språkkrav og god oppfølging frå dei som lyser ut desse tilboda er viktig for at nynorskbrukarane sine språkrettar blir realisert, held han fram.

LES OGSÅ: Utetid er verdas beste nynorske blogg