Løgn, forbanna løgn og statistikk
Etter TNS Gallup sine spørreundersøkingar om Hardangermastene, må eg sei meg einig med Mark Twain.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølge forfattaren Mark Twain finst det tre typar løgnar: løgn, forbanna løgn og statistikk. Det var neppe tilfeldig at TNS Gallup offentleggjorde energibarometeret sitt same dag som anleggsstart på Kvamskogen – kor 55 % av dei tusen spurte skal ha vore for «monstermastene». I desember i fjor skal i følgje det samme energibarometeret 66 % ha vore tilhengarar, og media tolkar dette som at «motstanden stilnar». Men lat oss ta ein nærmare kikk på verkelegheita: i TNS Gallup sine undersøkingar laud påstanden som følgjer: «Kraftlinjen fra Sima til Samnanger bør bygges fordi Vestlandet trenger denne kraften.» Lat meg presisera at det ikkje går fram av denne påstanden om det her er snakk om kraftlinje som luftspenn eller i kabel. Verdt å merka seg er også at 49 % av dei spurte skal ha sagt seg villige til å betala heile 1000 kr meir i nettleige for å legga kraftlinjer i kabel. Då seier det seg jo sjølv at mange av dei spurte meiner at Sima-Samnanger ikkje bør byggast som luftspenn, også blant dei som ikkje av den grunn har lyt å betala 1000 kr meir i nettleige? Det er nok heller ikkje utan grunn at TNS Gallup enkelt og greitt sløyfa spørsmåla om kabling i desember-undersøkinga, då dei kom fram til resultatet på 66 %.
Det går også an å spørra seg om kva dei spurte eigentleg har svart på i påstanden om Sima-Samnanger. Har dei svart ja til at Vestlandet treng kraft? Har dei svart ja til at den fornybare energien i Sima bør utnyttast? Eller har dei, slik TNS Gallup konkluderer, svart ja til at kraftlinja gjennom Hardanger bør byggast i luftspenn til tross for at det finst meir skånsame men likevel fullgode alternativ? Eg tek meg i å lura på kva resultatet på undersøkinga hadde blitt dersom påstanden i staden var vinkla slik: «Staten bør betala for kabling på heile strekninga frå Sima til Samnanger fordi krafta skal brukast til elektrifisering av sokkelen og eksport til utlandet.»
Merkverdig er det også at TNS Gallup verken i første eller andre undersøking ikkje har teke seg bryet med å spørra straumkundane om kva dei synest om det billigaste og mest miljøvennlege alternativet – nemleg energieffektivisering. Det er nok heller ikkje ubevisst; dette alternativet har nemleg styresmaktene kontant nekta å så mykje som diskutera. Og det er nettopp dette som får det heile til å lukta svidd.
Gjennom eit prosjekt i regi av Siemens har Trondheim lykkast i å redusera straumforbruket med over 20 %, nettopp ved hjelp av energieffektivisering. Hadde regjeringa brukt prisen av eit luftspenn på ENØK-tiltak i Bergen, hadde dei med andre ord spart så mykje straum at dei aldri ville ha komme i nærleiken av det Statnett beskriv som «raudglødande linjer» – heller ikkje på dei mest ekstreme vinterdagane. Stoltenberg, Riis-Johansen og Statnett klorar seg likevel fast i den samme gamle retorikken: Sima-Samnangerlinja må byggast snarast, ellers risikerer bestemor på gamleheimen å bli sittande stummande mørkre når som helst.
Og kva er det så som får myndigheitene til å påstå dette? Jo: I fjor, på dei dagane då vinteren herja på sitt verste, nådde Bergensområdet eit maksforbruk på 1812 MW. Dei to eksisterande linjene inn til Bergen var då belasta med rundt 50 % kvar, noko som vart sett på som ein kritisk situasjon ettersom all belastinga ville overførast til den andre linja – dersom ei av dei to fekk ein alvorleg nok feil til å detta ut. Det er sjølvsagt forståeleg at myndigheitene ikkje ynskjer at slike situasjonar skal oppstå, same kor små sjansane er for eit straumbrot. Men når dei hevdar at det må til ei 420 kV linje med ein overføringskapasitet på 1400 MW for å imøtekoma dette minimale behovet, mister dei all truverdigheit. Ein treng ikkje vera verken professor eller elektrikar for å skjønna at det her er noko som ikkje stemmer. Ved å følga Trondheim sitt eksempel og ta i bruk energieffektivisering, kunne Bergensregionen ha spart over 360 MW – så å påstå at ei ny kraftlinje er den einaste løysinga som er god nok til å i møtekomma bergensarane sitt minimale behov, er blank løgn.
For myndigheitene er det sjølvsagt fleire gode grunnar til å lyga befolkinga rett opp i trynet. Ved å føra retorikken om dei «straumlause» bergensarane kan dei argumentera med at det slett ikkje finst tid til å ta omsyn til den storslåtte Hardangernaturen. Slik sparar dei både tid og pengar og i tillegg kan rekninga for ei ny overføringslinje sendast rett heim til bergensarane, medan krafta frå Sima i all «hemmelegheit» blir sendt strake vegen ut til plattformane og kontinentet. På Statnett sine eigne heimesider kan du lesa om den nye Skagerrak 4-sjøkabelen som skal byggast mellom Kristiansand og Hirtshals allereie i år, og som Statnett så fint beskriv skal brukast til «auka eksport av fornybar energi».
Det er skremmande korleis våre eigne myndigheiter så bevisst prøver å føra folket bak lyset i denne saka. Argumentasjonen dei fører er rett og slett ikkje truverdig, og det skal ikkje meir til enn å legga saman to og to for å skjøna den eigentlege agendaen deira. Ikkje rart dei må ta i bruk statistikk for å nå fram med skremselspropagandaen sin!