Tema: Blogg, Turisme, Sogn og Fjordane

Lærdalstunnelen går verda rundt

Ein amerikansk reiselivsjournalist har sytt for at at ein biltur gjennom verdas lengste vegtunnel no går verda rundt.

Sogn Avis
onsdag 13. juni 2012 12.37

Lærdalstunnelen går verda rundt Lærdalstunnelen. Bilete: Sogn Avis.

Amerikanaren Andrew Evans er reisejournalist i National Geographics Traveler. I byrjinga av juni avslutta han ein tre vekers tur til Sør-Norge på oppdrag for reisemagasinet. Han var mellom anna anna på Flåmsbana, og så køyrde han Lærdalstunnelen.

Den turen var så spennande at han filma heile turen. No har han lagt filmen ut å bloggen sin og speeda den opp 800 prosent.

Sjå bloggen her!

I bloggen sin skriv han:

Ingen bygger tunneler som nordmennene gjer. Viss det er eit fjell dei kan grava gjennom, så gjer dei det og det gjer det å køyra gjennom landet mykje meir spennende enn berre rundt ein sving. Då eg køyrde ved dei vestlege fjordene i Norge, rekna eg ut at eg køyrde gjennom 39 tunneler i løpet av 90 minutter.

Den lengste av desse tekniske fenomena er Lærdalstunnelen, som strekk seg gjennom fjellet mellom dei små landsbyene Lærdal og Aurland, men som også knytter saman Bergen og Oslo.

Med sine 24,5 km (15.23 miles), er Lærdalstunnelen den lengste vegtunnel i verda, noko som betyr at det er den lengste tunnelen som du kan køyre gjennom.

Det tok meg over tjue minutt å køyre frå den eine enden av Lærdalstunnelen til den andre, og reisa gjennom det vekte ei merkelig kjensle av å suse under eitt av Noregs massiv fjell.

Det å brase gjennom mørket i så lang tid kan vera skremmende for nokre reisende, men ver trygg, Lærdalstunnelen er ein av dei sikraste i verda, med eit high-tech ventilasjonssystem, sikkerheitsstasjoner med nødutstyr og telefonbokser, og tre grotter som er belyst med farga lys. Det er også vanlege parkeringsplasser inne i tunnelen.

Eg filma denne videoen fra panseret på bilen min for å vise deg den fulle lengda av tunnelen, men har speeda den opp 800%.

På den måten kan du oppleve den lengste tunnelen i verden i det lengste landet i Europa på kortest mulig tid, skriv Andrew Ewans.

Òg frå bloggen: 99 AMAZING Things to Do in Norway

Les saka i Sogn Avis!


Oppdatert: onsdag 13. juni 2012 13.17
Kommentarar 0

 
ANNONSE: