Krev frifinning etter masteaksjonar
Monstermastene er på plass, men mastedemonstrantane ser likevel aksjonane mot utbyggjinga som vellukka. I dag står åtte demonstrantar for retten i Hardanger.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Krev frifinning etter aksjonar
– Eg er spent og nervøs, men eg meiner me har ei god sak, sier Synnøve Kvamme til Hordaland før rettssaka opna i Odda i dag.
– Men eg meiner me har ei god sak. Og eg håpar sjølvsagt at alle åtte vert frikjende, sier ho.
– Skulle ikkje site her
– Denne saka handlar om myndighetsmisbruk og kva demokrati må og bør tåla. Desse åtte skulle aldri ha site her, seier forsvarar for dei åtte, advokat Randi Hagen Spydevold.
Politiet ville ikkje straffa masteaksjonistene i Hardanger, og let dei sleppa å betala nær 200.000 kroner i bøter.
Men påtaleunnlating er ikkje godt nok for masteaksjonisten Synnøve Kvamme. I dag står ho saman med sju andre for retten i Hardanger. Saka startar i Odda i dag, og held fram i morgon.
Mellom dei tiltalte er Arne Andersen, mangeårig folkevald i Voss kommunestyre for partiet Raudt, systrene Halldis og Gudrun Folkdal og Eirik Varberg Eriksen (Bergen).
I tillegg skal Synnøve Kvamme for retten. Det skal også Mona Nordaas (Voss), Gro Signe Aalvik (Kvam) og Aslak Helleve frå Voss.