Kjærleik ved fyrste blikk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det beste med restuareringsarbeid og nylaft, er å sjå kor fint det vert til slutt, seier Robert Ulfsnes frå Sunndal. Teknikken møtte 23-åringen på eit laftekurs, då han var tømrarlærling. Seinare har han fått jobb i bedrifta Tradisjonsbygg og driv med lafting på heiltid. 

– Mykje av fascinasjonen handlar om at ein jobbar med treverket på ein heilt annan måte, enn det ein gjer ved vanlege bygg, seier Robert.

Inspirasjon

– Det er like spanande kvar gong vi byrjar med eit restaureringsprosjekt, om vi må skifte to eller 30 stokkar til dømes, forklarer Robert. Som tykkjer lafting er meir gjevande enn arbeid med reisverk og moderne hus, og at det gjev heilt andre utfordringar.

– Eg vert nok mest inspirert av gamle hus. Aller best likar eg byggeskikken 1600 til 1800-talet, gjerne i trøndersk stil, fortel Robert. Han meiner det å drive med lafting er noko ein legg sjela si i, og at ein må vera nøye og tålmodig for å lukkast. Og så må ein sjølvsagt vera nevenyttig.

– Lafting er nok noko ein må ha ei verkeleg interesse for å ville drive med, held Robert fram Han peikar og på det sosiale aspektet ved arbeidet, ute på byggeplassar og inne i laftehallar.

– Når ein laftar er ein avhenging av eit godt samarbeid og at ein fungerar i lag med dei ein jobbar med. Og så er det jo ei fin kjensle når vi fullfører prosjekt og ser resultatet, forklarer han. 

LES OGSÅ: Høgt heng han

Draumen

I tillegg til å jobbe med lafting, har Robert planar om å setje opp eit heilt tun på Oppdal, der han har ei tomt. Eit tun med trefagsstove som hovudhus, stabbur, høyløe, eit seterhus som kan nyttast som anneks og eit sumarfjøs som skal nyttast som garasje. Sjølv om mykje av kvardagane går med til tradisjonshandverk, er det ikkje ein komplett livsstil og Robert bedyrar at han har god tid til å drive med andre ting. 

– Tunet er nok eit livsprosjekt og eg har eit 10-års perspektiv på å fullføre, forklarar han. Ideen om heilskapen i eit tun i gamal stil er viktig, og han gjer det meste for hand. Frå lafting og handhøvling, til å smi alle hengslane og torvhaldskrokar til taka. I tillegg hentar han ut tømmer sjølv.

– Lafting er kanskje ei spesiell interesse, men det er jo fantastisk å skape noko som kan stå lenge. Eg tenkjer jo at tunet kjem til å stå lenge etter mi levetid, kanksje i 200-300 år. Det er fint å tenkje på, avsluttar Robert Ulfsnes.

LES OGSÅ: Drøymer om småbruk

Næmingordning 

– Ein næming er ein som er under opplæring og som har lett for å ta til seg kunnskap. Det er noko anne enn ein lærling eller student. Så det var eit naturleg ord å velje, då ein skulle utvikle eit opplæringsprogram i tradisjonshandverk, fortel Jon Bojer Godal som og har skrive bøker om lafting. Gjennom det treårige programmet, kan handverkarar spesialisere seg i lafting, ulike reisverkkonstruksjonar eller tekking og kledning.

– Det er ikkje rart at unge folk med blod i årene får lyst til å drive med lafting, ein får jo lea seg! Samstundes er det krevjande intellektuelt, og det er interessant og variert. Så det er nok mykje av grunnen til at folk likar det, seier Jon. Han trur opplæring er avgjerande for framtida for lafting. Og målet med næmingordninga er både å ta vare på kulturarven som ligg i handverket, samstundes som ein gjer det mogeleg å ta vare på dei meir enn 500.000 husa i Noreg som er meir enn 100 år og som er bygd på ein heilt annan måte.

– Å verte god i lafting krev det same som å verte god i idrett eller musikk. Det krev øving. Ein må  kunne handverket og tenkje målretta. Det er når ein klarar å visualisere heile bilete, at ein vert i stand til å sjå dei vanskelege svingande i løypa. Derfor er lafting like mykje ein mental, som ein fysisk disiplin, avsluttar Jon Bojer Godal.

Faktaboks

Lafting

• Bærekonstruksjon i husbygging, der tømmerstokkar vert lagt horisontalt og stabla oppå kvarandre.

• Dominerande måte å bygge hus på frå vikingtida og fram til midten av 1800-talet.

• Furu er det vanlegaste materiale å lafte hus med.

• I dag er lafting mest nytta i bygging av fritidsbustader.