≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Norsk Målungdom

Han kan bli ny leiar for Målungdommen

Fredrik Hope vil bruke det neste året på nynorskmyteknusing.

NPK, Runar B. Mæland
tysdag 28. mars 2017 15.56

Han kan bli ny leiar for Målungdommen – Norsk Målungdom er i stor vekst, seier Fredrik Hope, som er innstilt som ny leiar i organisasjonen. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik / Norsk Målungdom

Fredrik Hope frå Hyen i Sogn og Fjordane er innstilt som ny leiar i Norsk Målungdom før landsmøtet på Sandane i Gloppen kommande helg. Noverande målungdomsleiar Synnøve Marie Sætre går av etter to år i vervet.

Hope har vore leiar i Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen, og har det siste året vore nestleiar i Målungdommen.

LES OGSÅ: I fjor sette Norsk Målungdom tiårsrekord i medlemstal

Den neste toårsperioden skal ungdomsorganisasjonen arbeide særleg med å rydde opp i alle mytane om nynorsk gjennom opplysningskampanjen «Nynorsk myteknusar».

– Nynorsken og språkmangfaldet i Noreg vil få det mykje betre om vi får røska opp i alle fordommane som finst, seier Fredrik Hope i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Eg ville gi deg ein nynorskbutton, ikkje klamydia

Om valkomiteen får viljen sin på landsmøtet får Hope med seg desse i det nye sentralstyret:

• Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar

• Eline Bjørke frå Løten som skrivar

• Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg

• Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlemer.


Oppdatert: tysdag 28. mars 2017 16.30
Kommentarar



 
ANNONSE: