Fyrstegongsveljarar på plass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16-åringar på plass

Fjuken møtte sju av fyrstegongsveljarane i Vågå sundag ettermiddag.

Med valkort og legitimasjon i handa var dei samla utanfor kommunehuset, klare for å bruke stemmeretten sin.

– Vi er ein del 16- og 17-åringar som skal stemme i dag, men dei fleste ventar til måndag, kunne Natalie Lillebråten fortelje. Ho og dei andre tykkjer det er stort å få lov å stemme.

Alle sju ungdomane hadde bestemt seg for kven som skulle få deira stemme, bortsett frå éin i gjengen.

– Eg har ikkje bestemt meg ennå, så eg får gjere det på tur inn, smilte Erland Holen.

Men kva parti Erland og dei seks andre fyrstegongsveljarane vi møtte stemde sundag, ville dei halde for seg sjølve. Men dei gjorde alle det som er viktigast; å bruke stemmeretten sin!

LES SAKA I FJUKEN!