Fortidlegfødde lam får hjelp av kunstig livmor

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får får hjelp av kunstig livmor

Normalt skal eit barn ligge 40 veker i mors mage før det er ferdig utvikla og klar for å møte verda. Ikkje alle klarar å vente så lenge. Nokre vert fødde allereie etter 22 veker, og for slike ekstremt tidlegfødde barn ventar mange utfordringar.

I dag overlever litt over halvparten av barna som vert fødde i veke 24, viser ein gjennomgang frå Folkehelseinstituttet. Desse barna får ofte livsvarige komplikasjonar og utfordringar.

Når premature barn pustar inn luft, stoppar utviklinga av lungene. Det harde livet på utsida av livmora kan også påverke utviklinga av hjartet, tarmane og hjernen.

Sidan premature barn treng meir tid til å utvikle seg i eit lukka og beskytta kammer, har ei amerikansk forskargruppe no utvikla ei kunstig livmor. I eksperimenta har forskarane nytta fortidlegfødde lam.

Ei kunstig, gjennomsiktig livmor
Det er framleis eit stykke att før teknologien kan nyttast for menneske. Forskarane er likevel optimistiske over at lamma overlevde og utvikla seg vidare i fire veker utanfor kroppen til mora. Resultata vart publisert i tidsskriftet Nature Communications denne veka.

Ein gjennomsiktig, vakuumpakka plastpose inneheld fostervatn som lamma drikk og pustar, akkurat slik som i ei naturleg livmor. Eit enkelt sirkulasjonssystem fungerer som ei kunstig morkake, der hjartet til lammet pumpar blodet gjennom eit luftfilter og tilbake via navlestrengen.

Emily Partridge ved Philadelphia Barnesjukehus er hovudforfattar av forskingsrapporten, og saman med professor Alan Flake håpar ho at teknologien vil kunne bidra til å gjere dei første månedane lettare for ekstremt premature born.

 

Debatt om grensa for eit liv
Det er fleire opne spørsmål att for den kunstige livmora. Det er til dømes uklart om blodårene i navlestrengen til eit menneskebarn vil fungere like bra som med lamma, samt om menneskebarn treng andre tilpassingar.

Dersom teknologien fungerer som venta og dei neste forsøka gir tilfredsstillande svar, vil metoden også skape debatt om grensa for eit liv.

I Noreg er grensa for abort (etter søknad) sett til veke 18, medan foster som er eldre enn 22 veker vert rekna for levedyktige. Den nye teknologien kan flytte grensene mellom desse to endå tettare.

Forskarane sjølv vil ikkje bidra til kontroversielle overskrifter, og held fast på at fokuset deira er på å betre dei første vekene for ekstremt premature barn.

– Det er eit svært viktig poeng at vi ikkje har planar om å utfordre den noverande, aksepterte grensa for eit levedyktig spedborn, seier Partridge i ein video frå sjukehuset.

Interessert i forsking? Sjå serien VIS MEG EIN DINGS