Førsteklassingar får seksualundervisning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den gammaldagse forståinga er at seksualitetsundervisning handlar om sex, og å førebyggje seksuelt overførbare infeksjonar og planlagde graviditetar. Vi ser det som ein livslang prosess, som i skulen bør starte i første klasse, seier Nora Mehsen, rådgivar i organisasjonen Sex og Politikk, til Vårt Land.

LES OGSÅ: Etterlyser betre sexundervisning

Ho har vore med på å utvikle det statsstøtta undervisningsprogrammet «Veke 6», som har vore i bruk dei siste seks åra.

Nytt av året er at første- til tredjeklassingane også er inkludert.

– Nokre tenkjer at Veke 6 lærer barn å ha sex. Det gjer det ikkje. Som i andre fag er undervisninga alderstilpassa og startar med det grunnleggjande, forklarer Mehsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdomsparti vil ha sexleketøy på pensum