Forskar: – Fakta og fiksjon har alltid framstått som eit diffust samspel

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fakta og fiksjon er eit diffust samspel

– Alle kan bli journalist, kjendis, eller artist ved å produsere og distribuere innhald på eigahand, skriv Emil Bakke, førsteamanuensis ved NTNU i Gjøvik i ein epost til Framtida.no.

Bakke arbeider ved Medieteknologilaboratoriet på Gjøvik, og forskar på den digitale revolusjonen i medieverda.

– Ein bloggar kan dekke nyheiter, og ein tradisjonell nyheitskanal kan produsere underhaldning. Resultatet er at det vert vanskeleg å differensiere mellom ulike mediekanalar, seier han.

Alle kan sette dagsorden
Anders Fagerjord, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, synest det er positivt at det er mogleg for alle å nå fram.

– Det er ikkje lenger berre etablerte mediebedrifter som får sette dagsorden, skriv han i ein epost til Framtida.no.

I fjor haust gjennomførte bloggaren Sophie Elise Isachsen eit PR-stunt i regi av Norsk folkehjelp. Kampanjen skulle handle om hjartestans, men i sosiale medier vart det ein storm av klager mot både bloggaren og organisasjonen. Utspelet var ikkje merka som eit oppdikta scenario, og mange tolka kampanjen som fakta og ikkje fiksjon.

I sosiale medier kan alle poste kva dei vil, både sanne historier, løgner, satire og underhaldning. Både NRK og VG har eigne satsingar på humor som liknar på nyheiter, kalla Satiriks og Helt normalt.

Nettstaden The Onion lever av å få folk til å ta feil av fakta og fiksjon, og nyttar satire som politisk kommentar for å få folk til å tenke etter.

 

A photo posted by The Onion (@theonion) on

Lang historie
Utfordringa med å skilje fakta frå fiksjon er ikkje unik for sosiale medier.

– Ein episode av høyrespelet «The war of the worlds» skapte fullstendig kaos i New York City i 1938, fortel Bakke. 


Frå studio skildra Orson Welles ei romskiplanding i Central Park som ein direktesendt reportasje. Mange lyttarar var ikkje klare over at det heile var fiksjon, ei oppdikta hending, og det oppstod mykje drama då folk kontakta politiet for å avklare korleis dei skulle handtere situasjonen. 

– Eg tenker at det er ein illustrasjon på korleis forholdet mellom fakta og fiksjon kan være både bevisst og ubevisst. Avsendar har eit ansvar i å vere oppriktig, medan mottakarane må vere bevisst på kva dei konsumerer, seier Bakke.

Verkelege personar
Populærkulturell underhaldning nyttar bitar av verkelege hendingar og personar for å dra mottakarne inn i den fiktive verda. Det er ikkje alltid så lett å halde styr på om skodespelarane er seg sjølve eller nokon andre.

– Fiksjon og fakta har alltid framstått som eit diffust samspel, seier Bakke.

Til NRK-seriane «Kampen om tungtvannet» og «Nobel», har manusforfattarane latt seg inspirere av ei rekke faktiske hendingar. I tillegg nyttar seriane ei blanding av fiktive og verkelege karakterar, slik som programleiar for Dagsrevyen, Nina Owing.


Nina Owing i rolla som seg sjølv i ein fiktiv debatt på liksom-NRK i tv-serien Nobel på den verkelege kanalen NRK. Her saman med skodespelarane Anders Danielsen Lie, Rolf Kristian Larsen og Ingrid Jørgensen Dragland. Skjermdump frå NRK.

Eit anna eksempel er skodespelaren Kevin Spacey, mest kjend som Frank Underwood i Netflix-serien «House of Cards».

I vår lånte Spacey stemma si til ein CNN-dokumentar om amerikanske valkampar (biletet), eit tema som ligg svært tett til innhaldet i Netflix-serien.

Lyden av Frank Underwood (og assosiasjonane til skittent politisk spel) vart sett saman med historier om faktiske og dramatiske valkampar frå amerikansk historie.

 

Tettare på brukarane
Fagerjord trekk fram «Skam» som eit anna eksempel på gråsona mellom fakta og fiksjon. Gjennom oppdateringar i ulike kanalar får publikum eit tettare innblikk i karakterane enn i vanlege tv-seriar.

– «Skam» er ein stor suksess! Såpeopera har tradisjonelt ein episode kvar dag, slik at historia vert fortalt i same rytme som sjåarane sine liv. «Skam» tek dette vidare, med oppdateringer på ulike kanalar heile veka, når hendingane finn stad. Effekten er at publikum kjem tettare inn i fiksjonsuniverset, seier han.

 
 

Kjører movember og OD. Ikke feil det?

A photo posted by @isakyaki on

Frå instagramkontoen til den fiktive karakteren Isak, hovudpersonen i sesong 3 av «Skam».

At NRK hindrar dei unge skodelspelarane i serien å snakke med pressa, forsterkar synet på at det er Isak sjølv, og ikkje skodespelar Tarjei Sandvik Moe, sjåarane vert kjent med i serien.

LES OGSÅ: Bill.mrk: Isak søker Even

– Skeptiske til autoritetar
Utfordringane med å skilje fakta og fiksjon på sosiale medier er blitt vanskelegare, meiner forskarane.

– I «filterbobla» kan det hende at vi aldri blir utfordra av alternative syn. Det er særleg bekymringsverdig når ekstreme (eller usanne) påstandar får stå uimotsagt, seier Fagerjord.

Han har lagt merke til at brukarane er meir skeptiske.

– Folk er skeptiske til autoritetar, og stadig fleire alternative syn på verkelegheita kjem til uttrykk. Mange tillet seg å dikte opp si eiga «sanning». Eg er veldig spent på korleis dette vil utvikle seg vidare, og eg trur mediene har ei viktig rolle å spele.

I dagane etter det amerikanske presidentvalet leitar mange etter nokon å skulde på. Ein av aktørane som får skulda er Facebook, som sjølv avvise rå ha spelt ei rolle i valkampen.

– Vi bør sette fokus på «å forstå» medier, for å lære born om desse problemstillingane i framtida, oppmodar Bakke.

Eitt første steg kan vere å ta Quizen vår: Fakta vs Fiksjon