– For mange studietilbod i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vill vekst i studietilbod

– Det har vore ein vill vekst i talet på studieprogram, seier Lund til Dagsavisen.

Ho viser til at det i dag finst over 1.000 studieprogram på høgskule- og universitetsnivå. Det er for mange. Det er betre at utdanningsinstitusjonane spesialiserer seg, meiner ho.

– Alle kan ikkje drive med alt, slår ho fast.

LES OGSÅ: Slik vil nettet revolusjonera utdanninga

Ønskjer sju lærarutdanningar
Ho viser til at det til dømes er 20 institusjonar som tilbyr lærarutdanning, men meiner nivået kanskje burde vere sju, slik som i Finland.

– Då kunne du gjort dei sju betre enn det du klarer når du har 20, seier Lund.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Får støtte frå studentane
NHO-sjefen får støtte frå Norsk Studentorganisasjon (NSO), som meiner det er eit stort behov for arbeidsdeling mellom institusjonane.

– Til dømes er det mellom 35 og 41 økonomi- og administrasjonsutdanningar i Noreg. Det er omtrent to i kvart fylke, seier NSO-leiar Ola Magnus Rydje.

Han meiner dette er eit problem fordi fagmiljøa i Noreg ikkje har stor nok kapasitet til å handtere så mange utdanningar. (©NPK)

Les siste nytt om høgare utdanning her!

Kva synest du? Er det for mange utdanningar å velja i?