Flykte til det ukjende

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To nyfikne ungdommar lurer på kven som har flytta inn i det tome huset under Hammaren. Kan det vere dei to asylbarna som har rømt? Eller den farlege fangen som har flykta frå fengslet? Plutseleg blir dei vare rørsler bak gardinene i huset, og nokon  et maten dei legg utanfor huset. Men kven? Og er dei farlege? Kan dei fange ungdommane også ?

Boka Flukt ber preg av å vere eit godt skrive spenningsdrama. Boka har lette, korte, nesten syngjande setningar som dansar gjennom handlinga. På mange måtar har boka eit novellepreg, både i den konkrete handlinga, som går over eit konsentrert tidsrom og fordi den har eit tydeleg vendepunkt, og ikkje minst på grunn av den lette,  svevande tonen og korleis forfattaren har bygd opp eit tydeleg og direkte språk.

Han klarer å halde på spenninga gjennom heile boka,  og klarer til og med å gi oss ei overrasking på slutten.

Atle Hansen er forfattar , musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. I boka Flukt er han også høgaktuell med tematikken rundt asylbarna som har rømt frå asylet, dei får ikkje lenger vere i landet og må prøve å gøyme seg. Han gir asylbarna eit ansikt, og ikkje minst debatten rundt asylpolitikken i små samfunn eit ansikt. Det er ikkje alltid like enkelt å vere den framande i eit lite samfunn der alle veit best.

Forfattaren speler på fordommane våre, både mot asylsøkjarar, homofile og ukjende menn. Heile samfunnet er eit nettverk av løyndommar og fordommar som ligg lett synlege. Ikkje minst ser me frykta hovudpersonen viser for desse fordommane – korleis kan ein kvitte seg med dei?

Og kanskje viser han oss at det å flykte kanskje er universelt? Om ein flyktar frå styresmaktene som ikkje vil at ein skal bli i landet, flyktar frå ein dom ein skal sone eller berre flyktar frå seg sjølv og eigne kjensler?

Å flykte ut i det ukjende er uansett både skremmande og somme gonger farleg. Samstundes som det somme gonger kan opne nye dører ein ikkje visste om frå før. Boka passar best for ungdommar frå 12 år og oppover.

Først publisert i Magasinett.

Faktaboks

 Flukt

  • Av: Atle Hansen
  • Samlaget, 2013
  • 96 sider