Feministiskt Initiativ til val i Bergen og Oslo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Feminist-parti stiller til val

– Vi vil gjere det same for feminisme som miljøpartiet har gjort for miljø: tvinge alle partia til å ta omsyn til det, seier Sunniva Schultze-Florey til Klassekampen. Ho er ein av initiativtakarane bak Feministiskt Initiativ (FI), som er ein norsk variant av det svenske partiet med same namn.

– Dei andre partia behandlar feminisme som eit sidespørsmål. Vi ser alle former for undertrykking i samanheng.

Gudrun Schyman leiar svenske FI, som fekk 3,1 prosent oppslutning ved riksdagsvalet i fjor. Ho trur det er plass til det nye partiet i den politiske floraen i Noreg og ønskjer det norske søsterpartiet lykke til.

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

I SV fryktar dei derimot at dei skal miste veljarane til FI, slik Vänsterpartiet gjorde i Sverige.

– Paradokset er at vi får ei oppsplitting der feminismen står sterkt – på venstresida, seier nestleiar Oddny Miljeteig i SV. Valforskar Anders Todal Jenssen trur også SV kan få problem – dersom FI stiller til stortingsvalet i 2017.

– Dette viser at det finst vilje til politikk til venstre for Ap, samtidig som SV ikkje er attraktivt eller interessant for desse feministane, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: – Synd at kvinnedagen er så raud