≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Russ

Fekk knute i russelua

Skarverennet har gått av stabelen for 39. gong. Til og med russen let seg inspirere.

Line Sandvik/Hallingdølen
tysdag 24. april 2012 14.41

Fekk knute i russelua Skarverennsbillett i russelua for rennet og knute for bilete i avisa. Her ser me Samuel Bozenhard, Haakon Magan, Hilde Sataøen, Christina Lie Moser, Cathrine H. Birkelid og Marianne Kvamme. Bilete: Hallingdølen.

To russejenter kastar seg heseblesande over målstreken. Strålande andlet lyser imot oss. Godt nøgd med dagens innsats for russeknutar. Dagen etter russedåpen har nemleg Samuel Bozenhard, Haakon Megan, Hilde Sataøen, Christina Lie Moser, Cathrine Hagerup Birkelid og Marianne Kvamme spent på seg skia grytidleg og lagt i veg langs Hallingskarvet.

– Me får Skarverenns-billetten i russelua, ler Hilde Sataøen og legg til at om det kjem bilete i avisa blir det ein knute til.

– Ein vinn-vinn situasjon, smiler Haakon Megan.

Marianne Kvamme gjekk rennet i fjor. Dei andre jentene har gått for fyrste gong. Gutane har no gått Skarverennet tre gonger.

– Kjempegøy, skrattler dei. Og skikleda denne dagen er sjølvsagt russedress.

Tusenvis
I målområdet serverte Malin Raknes Hartman og Emilie Solhaug kaffi til alle som vil ha.

– Dei fleste har lyst på, fortel dei. Mange må jobbe for at over 12.000 skiløparar skal ha det så fint som mogleg. Lite visste vel Håkon Ringdal, Stein Vindegg og Kåre Skaro då dei sat på Ustaoset Hotell for alle dei åra sida – at tusenvis på tusenvis av menneske ville bli med på det vesle skirennet dei sat og planla.

– Eg har vore medhjelpar nesten kvart år sidan starten, fortel Solveig Hvammen. Ho og Reidar Sollie er vertskap og hjelper til med alt folk spør om. – Og sist veke veke hjelpte 125 menneske til med å pakke over 12.500 posar med startutstyr. På to og ein halv time, fortel Sollie.

Vêrvarselet var ikkje så bra, men det vart ein strålande renndag frå Finse til Ustaoset.

– Eg har fått mykje kjeft for den grytidlege meldinga mi om vind og overskya ver, fortel pressesjef John–Ragnar Aarset. For då dei fyrste skiløparane kom til Finse, braut sola igjennom. Og det vart vindstille.

Strøymer inn
Frå Oppegård er unge Jon Bravold og Eirik Aronsveen strålande nøgd med litt over tre og ein halv time på tilbakelagt.

– Gjekk litt trått i oppløpet då, smiler Jon.

Trønderen Kari Amdal har gått rennet heile 17 gonger. Venninna Inger Sætre har gått 15 gonger. To andre i laget er nybegynnarar å rekne, med berre sju-åtte renn bak seg.

To rustne karar
Tor Hansteen Nordal og Harald Strømnæs frå Stavern går Skarverennet for 6. gong.

– Det har vore perfekt i år, sjølv om me er to rustne karar, smiler Tor. Han har smurt skia med litt universal klister og godt med blå voks oppå.

– Litt trått i starten, men for ei naturoppleving, strålar Harald. Dei bur på Tor si hytte i Dagali og er godt kjend i området. I fjor gjekk dei Skarverennet på litt over tre timar.

– Og då hjelpte me nokre med smurning undervegs også, legg Tor til. Dei har allereie bestemt seg for å gå neste år også.

– Det har vore draumeforhold i år også, smiler dei.

25 gonger
Vertinne i stakk, Jorun Kollhus, tek imot Jørgen Nysveen der han passerer mål. For 25 gong. Han fortener jammen ein pin. Og ein god klem.

– Det har vore silkeføre, kan Nysveen frå Stange fortelje og legg til at han startar vel kanskje bli for gamal for dette. Men 78-åringen er i mål i god tid føre tvillingdøtrene sine og må vente på dei.

No høyrer me plystring og hvining frå målområdet. Russedressar nærmar seg streken. Noko uvanleg blant anorakkar og swix-dressar.

Les saka og sjå video i Hallingdølen!


Oppdatert: tysdag 24. april 2012 15.00
Kommentarar 0

Fekk knute i russelua
Skarverennet. Bilete: Hallingdølen.

Fekk knute i russelua
Dei må til fjells for å gå på ski. Men hytteeigaren på Dagali, Tor Hansteen Nordal, tek like godt med seg kameraten Harald Strømnæs og går Skarverennet på 6. året. Neste år er allereie avtalt. Bilete: Hallingdølen.

 
ANNONSE: