– Feil å tenkje at viss du forlèt byen, seinkar du ambisjonen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei feilkopling veldig mange gjer at viss du flyttar ut av eit sentrum, seinkar du ambisjonen samtidig. Den feilkoplinga meiner finst både i ein del utflytte bygdisar og ein del som bur på bygda, at ein skal ha lågare standardar og at ting er «godt nok for her», seier Jostein Avdem Fretland.

I den andre podkasten spør produsent Mariell Øyre om dei to ser på det som eit nederlag for ein person som har oppnådd noko ute å flytte heim. Høstaker, som har hovudrolla i Kom heimatt, gut!, vart inspirert av drivarane bak teaterfestivalen i Fjaler:

– Eg var der fyrste gong i fjor og spela ei forestilling, og då vart eg veldig inspirert, fordi eg såg at dei har jo det same livet som dei ville hatt i byen – dei blir ikkje andre personar, dei tek ikkje på seg andre klede fordi dei er der.

LES OGSÅ: Lagar musikkteater om å koma heim att

Faktaboks

• Kom heimatt, gut! er eit nytt musikkteaterstykke, med tekstar av Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland og musikk av Fretland.
• Høstaker spelar hovudrolla som Guten, medan Fretland har rolla som Pianisten. Produsent er Mariell Øyre.
• Stykket skal på turné i Sogn og Fjordane før jul, og skal ha forestillingar i Bygstad (29. nov), Balestrand (04. des), Lærdal (07. des) og Sandane.