Tema: Sogn og Fjordane

Få fjord for deg sjølv

For 10,6 millionar kroner kan ein sikre seg dei tre einaste eigedommane inst i Finnafjorden i Vik i Sogn og Fjordane.

NPK
fredag 8. juni 2012 13.38

Få fjord for deg sjølv Bilete: Aktiv Eiendom.

Fjorden er rett nok ikkje til sals, men det er langt til naboar og ikkje noko vegsamband til området, skriv NRK.no.

Heile Finnabotn består av to einebustader, eit gardsbruk og eit gjestehus.

– Det er definitivt det mest spesielle eg har fått på bordet, seier eigedomsfullmektig Baste Bolstad i Aktiv Eiendom til NRK Sogn og Fjordane.

Gjestehuset med ni overnattingsrom og ein av einebustadene har ein omlagpris sett til 5,5 millionar kroner. For gardsbruket og eit naust er omlagprisen 3,5 millionar kroner, og for den andre av einebustadene er omlagprisen 1,6 millionar kroner. Gardsbruket og gjestehuset har også hjorteløyve.

Interessentar har meldt seg til visning neste laurdag. (©NPK)


Oppdatert: fredag 8. juni 2012 13.38
Kommentarar 0

 
ANNONSE: