Erna gratulerer den yngste ordføraren i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erna gratulerer landets yngste ordførar

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Ho ynskjer Kåre Martin Kleppe lukke til med dei nye utfordringane.

– Eg er glad for at me har så mange dyktige lokalpolitikarar. Dei gjer ein viktig jobb rundt omkring i landet. Det er eg trygg på at også Kåre Martin vil gjera på Tysnes, seier ho.

– Det er ikkje alderen, men eigenskapane det kjem an på. Me har fleire døme på at unge politikarar har gjort det godt som ordførarar, meiner Solberg.

LES OGSÅ: Kåre Martin (22) vert ordførar

– Snakk med folk
Statsministeren sitt viktigaste råd til den unge ordføraren er å snakka med folk.

– Han bør ikkje berre sitja på kontoret, men vera ute og snakka med innbyggjarane. Det er viktig med god kontakt med lokalsamfunnet, ikkje berre eige parti, poengterer Solberg, som har sendt blom til den påtroppande ordføraren.

I 2003 blei Helge André Njåstad ordførar i Austevoll som 23-åring. Njåstad, som no er leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, oppmodar Kleppe til å ta rom.

– Det er viktig at han går inn i rolla som ordførar, slik at alderen ikkje blir eit stempel. Det å vera ung er på mange måtar ein fordel, og det er lettare å kommunisera med innbyggjarane på nye måtar. Men å ta over vervet etter Hestad som er ungdommeleg er litt forskjell frå då eg tok over vervet etter ein 70 åring, seier Njåstad.

LES OGSÅ: 25-åring blir landets yngste ordførar

Hoppa i det
Han forklarar at han sjølv valde å berre hoppa i utfordringa som ordførar.

– Det vil vera like stor omvelting for han som for det var for Kjetil, seier han.

Njåstad ynskjer Kleppe lukka til, men understrekar at han har hatt eit godt samarbeid med Hestad.

– Eg vonar han set nye spor etter seg. Det er kjekt at unge får prøva seg, og at alderen ikkje blir brukt mot han, seier Njåstad.


Påtroppande ordførar i Tysnes Kåre Martin Kleppe og statsminister Erna Solberg hadde kontakt på Tysnesfest i fjor. Arkivfoto: Tysnesbladet