– Ein grøn investeringsbank kan vere vegvisar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha grøn investeringsbank

– Problemet er at det er ein risiko – ein litt innbilt risiko – når det gjeld berekraftprosjekt. Fordi det er ein ukjent marknad er det vanskeleg å gå inn åleine. Tanken med ein grøn investeringsbank er å redusere risikoen, forklarar Sunniva Bratt Slette på telefon til Framtida.no

Førre veke fekk Slette og medstudent Synne Mari Pedersen utdanningsprisen til Forbundet for Leiing og Teknikk (FLT) for masteroppgåva si. I tillegg til å ha fått A på eksamen ved NTNU i Trondheim er oppgåva med å danne bakgrunnen for ekspertutvalet bak regjeringa sin nye rapport om grøn konkurransekraft.

Grøn finansiering
Norsk og internasjonal klimapolitikk går ei spanande tid i møte. Denne hausten slutta både Kina og USA seg til klimaavtalen, som vart forhandla fram på COP21 i Paris i desember 2015.

Den norske rapporten, som vart lansert førre månad, tek utgangspunkt i Noreg sitt mål om å kutte klimagassutsleppa med opp mot 40 prosent innan 2030 og bli et lågutsleppssamfunn i 2050. 

– Føresetnaden for å lykkast med å nå ambisiøse klimamål, skape arbeidsplassar og sikre langsiktig verdiskaping, er at vi tør å peike ut ei retning, sa administrerande direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer, i ei pressemelding 28. oktober.  

Han vart utnemt av regjeringa til å sitje i berekraftutvalet, og denne retninga har Slette og Pedersen vore med å peike ut.

I masteroppgåva «Financing the Transition to a Green Economy» argumenterer dei to masterstudentane i industriell økonomi for å oppretta ein grøn investeringsbank, for å drive fram meir berekraftig teknologi.

– Ideen vår kom etter å ha analysert ulike samarbeidsmønster i vindkraft-prosjekt i Europa. I England har dei ein investeringsbank som liknar den me føreslår, som ofte er med på eigarsida. Det har vore ein utløysande faktor og er noko me treng i Noreg òg, seier Slette.

Dei har gjennomført 46 intervju med representantar frå 33 ulike utval av offentlege og private bedrifter og organisasjonar. Funna tyder på at mange prosjekt med stort potensiale til å gjere norsk industri meir berekraftig og konkurransedyktig internasjonalt aldri blir noko av fordi dei ikkje får riktig type kapital til rett tid.

LES OGSÅ: Noreg har knapt nok grøn vekst og er dårlegast i den nordiske klassen

Fornybar AS
I statsbudsjettet for 2017 har regjeringa sett av 25 millionar kroner til å etablera investeringsfondet Fornybar AS, som skal bidra til reduserte klimagassutslepp.

Slette ventar i spenning på å sjå den endelege storleiken på satsinga, men er positiv til initiativet.

– Signala frå statsbudsjettet og det me har plukka opp i media tyder på at dei vil ha eit mandat som dekkjer mykje av det me etterlyser. Det som er sikkert er at det vert meir risikovillig kapital tilgjengeleg, seier Slette.

– Det er viktig at det vert tilpassa eksisterande aktørar, slik at det vert ein tilleggsfunksjon som akselerer utviklinga. Det er viktig å velje riktige folk med ei tverrfagleg tilnæriming som evnar å vere opne og lyttande. Slik kan me vere på hogget og gjere det så bra i Noreg at me kan løfte norsk teknologi òg i utlandet.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

Mangel på etikk og transparens
Nyleg kom Forbrukarrådet og Framtiden i våre hender med ein etisk bankguide, etter modell frå Nederland.

Oversikta viser at DNB og andre norske sparebankar ligg under det internasjonale snittet for bankar når det kjem til opne og etiske investeringar.

– Det er uakseptabelt at me ikkje er betre på dette. Ein grøn investeringsbank kan vere vegvisar og syne at det går an å tene gode pengar på rettvis, etisk og miljøvenleg handel. Ein må tørre å ta risiko, men det må gjerast på ein lønsam og forsvarleg måte, som tek omsyn til både menneske og planetens tåleevne, seier Slette.

Ho er klar på at den grøne omstillinga ikkje kjem nokon veg utan kravet til lønnsemd. 

LES OGSÅ: Oljeanalytikar Thina Saltvedt: – Eit grønt skifte kan utvide næringsgrunnlaget

Klimaoptimist
Slette er optimistisk med tanke på klimautfordringane. Ho meiner det viktige er politisk vilje til å gjennomføre konkrete tiltak.

– Det er no når me skal oppfylle Paris-avtalen at me får testa oss. Eg trur på togradersmålet, og sjølv om 1,5 gradersmålet er ambisiøst, er det ikkje umogleg. Sjå berre på ozonkrisa, seier ho.

Slette er oppteken av at mykje kan gjerast av både den enkelte forbrukar og både små og store aktørar i næringslivet. Det handlar mellom anna om ressurseffektivisering, som ikkje treng å gå på akkord med livsstilen vår.

– Det er mange som har fokus på problemstillinga og ynskjer å bidra. Men det skortar kanskje på ei felles retning. Ein er framleis usikker på kvar ein skal setje inn støtet og feltet vert opplevd som usikkert, noko som må endrast, avsluttar ho.