Ei verdig avslutning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er skrive av journalistar i Peikestokken, studentavisa i Volda.

Festivalen er over for denne gong, og trass i for regnfylte dagar har det vore ei fin langhelg. Nye og gamle Voldastudentar har kost seg saman med filmskaparar og andre interesserte. Mange frivillige har stått på, og festivaleiar Guro Sollie Hansebakken er nøgd. Ho nytta prisutdelinga til å skryte av Dokfilm.

Dokfilm handlar ikkje om å ha dei beste seta i kinosalen eller det beste hotellet. Dokfilm handlar om dei frivillige, som til dømes dei i kafeen som står opp klokka seks for å lage mat til oss. Og om filmskaparar som melder på filmane sine utan at vi kan gi noko anna tilbake enn visning. Det handlar om dei lokale som låner ut ein bil i bytte mot to laurdagsfestbilletter, sa ein tydelig rørt Hansebakken før ho takka resten av styret for ein god jobb.

– Eg kan ikkje skjønne at me ikkje har gjort dette før. Me er jo så gode. Dykk er så gode, sa ho og bad heile styret komme opp på scena for ei ekstra takk.

I kinosalen på Samfunnshuset i Volda vart mange spente filmskaparar samla for prisutdelinga som markerte slutten på festivalen for denne gong. Fyrste pris ut var Nymfeprisen – prisen for beste studentfilm.

– Me la vekt på at verkelegheit ikkje berre vart dokumentert, men også fortolka på ein kreativ måte, forklarte juryen.

Vinnaren av Nymfeprisen fekk skryt for å bruke seg sjølv som utgangspunkt, og i tillegg ha ein god balanse mellom personelege og politiske skildringar. Prisen gjekk til Mari Storstein for «Forestillinger om frihet».

Mari Storstein vann studentprisen under Dokfilm. Foto: Nicolay Woldsdal

LES OGSÅ: Fridom til å gjere det ein har lyst til

I neste kategori innleia konferansieren med å understreke viktigheita av å «kill your darlings». Ildflugeprisen skulle delast ut. Dette er prisen for beste dokumentarfilm under 55 minutt.  Åse Svenheim Drivenes stakk av med sigaren for sin film «I am Kuba». Filmen vart vald på grunn av sine nære og såre møter med verkelegheita til hovudpersonen.

Då Gullflugeprisen skulle kårast skrøyt juryen av det høge nivået som har vore under årets festival.

– Alle som har fått vist sin film i Volda bør vere stolte.

Om vinnarfilmen sa dei at det var høg filmatisk kvalitet, og at den tvingar oss til å konfrontere våre eigne fordommar og annleisheit. Vinnaren vart «Jag ser dig» av Sylvelin Måkestad.

Ola Waagen fekk publikumsprisen for «Pels». Foto: Nicolay Woldsdal

LES OGSÅ: Dette må du få med deg frå Dokfilm

Til slutt var det på tide å kåre årets publikumspris. Denne var det festivalleiar Guro Sollie Hansebakken som delte ut, og årets vinnar var filmen ”Pels” av Ola Waagen.

– Det er ein film som har engasjert, provosert og skapt stor debatt. Det er ikkje ein typisk publikumsvinnar, men desto viktigare er det at den no mottek denne prisen. Det viser at det er eit tema mange bryr seg om, seier festivalleiaren.

Etter prisutdelinga var det klart for den tradisjonelle laurdagsfesten. Prisvinnarane var nok glade for å kunne feire ut i de seine nattestimar med nye og gamle venar.

LES OGSÅ: Lego, kropp og indisk humor

Sjå stemningsvideo frå Dokfilm! Video: Jørgen Fallet Mosand