Ei veke som uteliggar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ville ikkje gjort det igjen

Simen Øvereng studerer film og TV ved Westerdals Oslo ACT, og dei fekk her i oppgåve å lage ein sjølvreflekterande dokumentarfilm.

– Eg lurte på kva som skjer om ein tek vekk alle godar som sosiale medium, pengar, venar, familie og liknande.

Fem dagar etter at han kom på ideen flytta han ut på gata med berre eit filmkamera og 80 kroner i pantepengar. Resultatet vart ein 30 minuttars lang dokumentar som har vorte publisert på P3 sine nettsider, og som også vart vist under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Det er spesielt ei natt som skil seg ut. Han møtte ein mann som ga han tilbod om soveplass. Etter eit par øl visar det seg at mannen ynskja noko meir.

– Eg enda opp med å springe vekk frå staden. Den natta er nok det som sitt igjen som det verste, for då kjende eg på frykt, og på kor liten eg er i denne verda.

Han vart også mykje einsam og kjeda seg. Han følte at livet vart meiningslaust fordi han ikkje hadde noko å bidra med.

Dei 80 kronene han hadde i byrjinga av veka vart rasjonert ut på kneippbrød og ein stor pakke med pølser. Biblioteket ville ikkje låne han bøker ettersom han ikkje hadde legitimasjon. Då keisamheita til slutt vart for stor halvvegs ut i prosjektet, gjekk derfor dei siste 50 kronene til innkjøp av ei bok. Etter dette vart han avhengig av Blå Kors sine gratis måltid.

Trass i at livet på gata var kjipt, vart han overraska over kor gåvmilde dei andre på gata var overfor han.

– Eg prata lenge med ei dame på Karl Johan som var narkoman, og avslutta samtalen med at eg ikkje hadde noko å gje ho. Ho svara «det går bra, men vil du ha noko å ete?».

I ettertid er han glad for at han gjorde det, men han ville ikkje gjort det igjen.

– Eg merka kor fort eg ble einsam, og eg sett veldig stor pris på dei rundt meg no. Trass i at eg ikkje ville gjort det igjen, vil eg anbefale andre å gjere seg liknande erfaringar.

LES FLEIRE SAKER FRÅ DOKFILM!

Sjå dokumentarfilmen under:

Saka er laga av journalistar i Peikestokken.

Faktaboks

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm som han heiter på morsmålet, er den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Festivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 1997, og har sia den gong vore eit arrangement der filmskaparar og publikum møtes kvar vår i vakre Volda.