Eg har trua

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Då eg trudde på politikarane

Men det eg hugsar best akkurat no, er at eg hadde ei sterk tru på intelligensen til politikarar då eg var yngre. Eg var trass alt student i ein heil del år, så eg har deltatt i ganske mange politiske diskusjonar der eg med stor sjølvtillit har uttalt meg om ting eg ikkje har det minste greie på. Og ein ting eg husker godt frå desse diskusjonane, er denne trua på at politikarane våre er smartare enn dei gir uttrykk for.

Denne trua hadde eg litt fordi alle andre alltid var kritiske til politikarane i desse diskusjonane, og det er alltid litt artig å meine noko anna enn dei andre. Men eg meinte det også på ordentlig.

LES OGSÅ: Kunstnen å vere klønete

Eg hugsar for eksempel at eg tenkte det – og meinte det – kvar gong ein politikar sa noko negativt om homofile. Politikarar dreiv ein del med det på denne tida. Dei sa at folk som har denne legninga kanskje ikkje kan noko for det, stakkars, men dei kan då vel i det minste la vere å leve ut legninga si?

Og eg hugsar at eg tenkte det – og meinte det – kvar gong politikarar sa noko ufint om åleinemødrer eller ungdommar. Jadå, dei dreiv med det også den gongen.

Og eg hugsar at eg tenkte det – og meinte det – kvar gong ein politikar sa noko negativt om folk som ikkje er norske. Det dreiv også politikarar ein del med på denne tida. Dei sa sånt som at stort sett alle som ikkje er norske er snyltarar, og derfor bør dei ikkje få komme hit. Og viss dei allereie er her, så bør dei sendast til for eksempel Bjørnøya.

Kvar gong politikarar sa noko slikt, så tok eg dei i forsvar. På ein måte. Eller ein kan seie at eg mistenkte dei for å vere kyniske. Det er også eit slags forsvar.

Eg tenkte i alle fall – og meinte det – at desse politikarane sjølvsagt ikkje faktisk meiner dette. Dette er vaksne og smarte folk med store kontaktnett. Dei møter og snakkar med alle slags folk heile tida. Dei diskuterer og sett seg inn i saker. Dei samarbeider daglig med folk som har andre tankar og haldningar enn dei sjølve. Dei lærer og forstår. Sjølvsagt meiner dei ikkje det dei seier her. Sannsynligvis er det sånn at dei trur at ein god del av veljarane meiner dette. Og dei vil jo gjerne ha veljarar. Derfor gjer dei seg litt enklare enn dei er, og seier ting dei sjølvsagt ikkje eigentlig meiner.

Sa eg. Og eg meinte eg.

LES OGSÅ: Halve kongeriket og heile kjærleiken

Fordi eg den gongen tydeligvis hadde meir tru på politikarane våre enn på folk.

No er eg ikkje så sikker. I det siste har det vore annleis. Når politikarar no seier noko rart eller uhyrlig, og det har skjedd nokre gonger dei siste dagane, så lurer eg på om det kanskje er slik at dei faktisk meiner det. Eg er derimot slett ikkje så sikker på om veljarane deira meiner det. Mykje tyder på at dei ikkje gjer det. I alle fall ikkje alle.

Kanskje har eg rett og slett endra meg, også på dette området. Eg har endra meg på alle andre område. Eg veit no at eg aldri kjem til å bli ein middels god fotballspelar. Eg har ikkje spesielt mykje hår. Eg er ofte ikkje heilt sikker på ting.

Og eg trur at eg, i alle fall akkurat no, har litt meir tru på folk enn på politikarane våre.

Det ideelle hadde sjølvsagt vore å ha trua på både folket og politikarane samtidig. Og den dagen trur eg kjem til å komme.

Men til då: Dette er då i det minste eit steg i rett retning.

LES OGSÅ: Heltar i regn

Først publisert i Aftenposten.