Drakane kjem tilbake!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. april er dagen då det er lov – og nesten oppmoda om – å lura kvarandre. Tradisjonen er gamal, og utbreidd over heile Europa og Nord-Amerika. Mange nyheitsredaksjonar nyttar også høvet til å lura deg – sjølv skreiv me i dag om den fiktive Kvinnegruppa Ottar Grepstad.

Vart du lurt av den? Skriv det i så fall i kommentarfeltet.

LES OGSÅ: Vil bygga Las Vegas på Stord

Drakane vaknar
Det er stor variasjon i aprilspøkane – nokon er truverdige, nokon har tung lokal forankring som er vanskeleg å oppdaga utanfrå, og nokon er heilt absurde, slik som denne frå banken Santander.

 

I den siste sjangeren hamnar Nature, som blir sitert av Forskning.no i dag.

Der blir det påstått at drakane aldri var ei myte, men berre ligg i dvale – og at klimaendringane no kan vekka dei til live igjen. Dei refererer også til Australia, som i 2014 byrja å utnemna riddarar igjen – som eit tiltak mot drakane som var på veg.

Jærmuseet har også eit kjempeforsøk – dei melder at Arne Garborg faktisk har snudd seg i grava.

Forskarane i CERN, som jobbar med den kjende Large Hadron Collider (LHC), fortel på si side at dei i dag kan bevisa at "The Force", kjend frå Star Wars-universet, er ekte.

LES OGSÅ: «Frozen» – farleg for menn?

Dating på toget, og New York-reise på 25 minutt
Det er mange norske aprilspøkar også, her har det vore ein sterk tradisjon i mange år. Medan fleire og fleire vel å droppa aprilspøken, er det enno ein god del om prøver seg.

Sporten.com kom mellom anna med nyheita om at Martin Ødegaard kjem på utlån til Vålerenga.

P4 fortel at norske myndigheiter er ute etter folk som høyrer ein spesiell lyd til eit forskingsprosjekt.

Ein skal heller ikkje gløyma den gongen BBC lurte mange i 1957, med eit veldig gjennomført innslag om spagetti-markene i Sveits:

Men det er ikkje berre nyheitsredaksjonane som har det moro.

NSB lanserer sin eigen datingapp for togturen, medan SAS presenterer ein heilt ny måte å reisa på: SAS Space Travel

LES OGSÅ: Kjærleik er ikkje lettare på nett

Vil forby 1. april
Politikarane er også med på leiken. Hordaland KrF skal ha skryt for sin aprilspøk om at dei vil forby 1. april.

– Dette er ein hyllest til løgn og bedrag, seier fylkesleiar Pål Kårbø i denne aprilspøken.

Veit du om fleire? Tips oss her i kommentarfeltet.

PS: Du kan også følgja med på bloggen til The Guardian, der journalisten Stuart Heritage plukkar frå kvarandre alle aprilspøkane han klarar å finna.

LES OGSÅ: Må grava opp Ivar Aasen