– Det vanlege er eksotisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det stod Friedland på ringeklokka mi, men no er det vekke, fortel Jens K. Styve.

Forfattaren kan ikkje hugse å ha teke det vekk frå døra si i Tromsø, og konkluderer difor med at det må vere nokon andre i familien. Ikkje har det vorte erstatta heller.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Healing per telefon
Han har lenge hatt ideen om å bruke namnet Friedland, som står på tallause norske ringeklokker, i ei bok. Det var fyrst seinare at karakteren Odd Friedland, ein nordlending som driv med healing per telefon og manuelt, kreklingbærsaftbrygging og sel heimebrent frå isbilen, dukka opp. Det måtte nokre år til i nord, før mannen frå Hjelmås i Norhordland kjente at han kunne skrive om dei.

Før debutromanen «Eg, Ove Kvamme»var ute byrja han på neste prosjekt i frykt for at meldarane skulle øydeleggje driven. No, seks år seinare, er «Friedland»klar til utgjeving, og Styve tykkjer det er litt lettande å sleppe Odd Friedland no.

Han vonar og at det vert litt kortare til neste utgjeving.

–Det er den fyrste fasen, innsamlingsfasen som er kjekkast. Då kokar det av idear og energi, seinare liknar det meir på reint arbeid.

LES OGSÅ: Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

Bestialsk krim
På eit gamalt stabbur midt i Tromsø sentrum har ideane vorte til ei bok. Styve leiger det saman med ei gruppe andre forfattarar, som har ein heilt anna døgnrytme enn familiefaren. Dei kjem til hytta midt i byen når han går. Å arbeide utan distraksjonar er viktig når ein skal skrive romanar.

– Eg har fått meg ein slik ny gammal telefon. Han kan ringje og sende SMS, seier Styve nøgd.

Då får han ro til å koke i hop romanar med småkriminelle handlingar. Han likar det han kallar ein mellomting mellom krim og roman.

– I Noreg skal me alltid ha så mange bestialske ting. Så tykkjer eg det er plagsamt at det alltid er ein utspekulert psykopat som driv og tergar politiet, fordi eg trur ikkje det er slik det føregår.

Konklusjonen vert at Styve ikkje er så glad i krim, han likar ikkje premissa. Men karakterane i «Friedland»lev ikkje heilt på riktig side av lova heller.

LES OGSÅ: Frå fjorden til metropolen

Lærte av lensmannen
For å portrettere eit småkriminelt nordnorsk miljø har Styve lest på nettforum om korleis ulike typar rus opplevast, samt intervjua lokale lensmenn om deira metodar.

– Eg lærte at for å ta heimebrennarane venta politiet på trygdeutbetalinga. Den dagen trygda vart utbetalt følgde dei ganske enkelt etter folk frå NAV til heimebrennarane, fortel Styve.

Sjølv har Odd Friedland løyst denne knipa med å selje spriten sin frå isbilen. Då held attpåtil spriten seg kald.

–  Eg tykkjer det vanlege er eksotisk, fortel forfattaren, som sidan sist gong har flytta handlinga frå ei bygd i vest til ei bygd i nord.

Ifølgje Styve er Odd Friedland ein ganske vanleg mann. For Styve meiner at alternativ medisin er vorte ganske vanleg. Etter at han byrja å skrive romanen kom Snåsamannen i offentlegheitas søkjeljos, saman med Märta Louise sin engleskule.

– Eg fann ut at alle har erfaring med eller kjenner nokon som har vorte frisk av alternativ behandling. Folk er generelt skeptiske til skulemedisin og har stor tru på alternativ medisin, meiner Styve, som drøymer om å gå på ei alternativmesse.

– Eg likar spesielt dobbeltheita i dette med at det kan helle mot utnytting av folk, fordi det er økonomisk vinning på behandlinga, seier Styve, som ikkje sjølv har prøvd slik behandling, men drøymer om å gå på ei alternativmesse.

QUIZ: Kven skreiv boka?

TV-serieprosjekt
Omslaget til førre roman designa Styve, som til dagleg arbeider som grafisk designar, sjølv. Han selde attpåtil bøker med handlaga omslag på nettsidene sine. Denne gongen har han gjeve det estetiske ansvaret vidare til nokon andre.

Som gamal serieteiknar skulle ein kanskje tru at Styve hadde nokre skisser av familien Friedland liggjande i ein skuff, men nei.

– Eg unngår å teikne karakterane mine, fordi eg er redd for at dei vert for karikerte.

Men han freistar likevel å ta med karakterane inn i eit nytt medium. Styve har alt skrive manus for ein tv-pilot basert på Friedland, som han har pitcha for NRK.

– Eg fekk eit konstruktivt avslag, fortel Styve, som vonar å kunne skrive meir for fjernsyn i framtida.

No er døra med Friedland lukka til fordel for ein heil del nye pågåande prosjekt: ei novellesamling, ein ny roman, ei barnebok, ei teikneseriebok og tv-manusskriving.

Kanskje kan Styve likevel ringe på hjå Friedland att.

– Eg har ikkje utelukka ein oppfølgjar. Utan å spolere noko så er det ingen viktige karakterar som dør.