Desse får Fritt Ord-millionane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stiftinga Fritt Ord set av 10 millionar kroner til satsinga på kvalitetsjournalistikk. I første søknadsrunde blir 5,15 millionar kroner delt ut.

– Me fekk inn ei imponerande mengd gode søknadar allereie i denne første søknadsrunden. Fritt Ord er glad for å kunne støtta så mange sterke prosjekt, seier Georg Fr. Rieber-Mohn, styreleiar i Stiftelsen Fritt Ord, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen

Klima, forsking og unge i Europa
Av 68 søknadar som kom inn har 32 fått ja. Pengane skulle i denne runden gå til journalistikk på seks område: Noreg sitt forhold til EU og Europa, klimaspørsmål, journalistikk og debatt i lokalsamfunn, journalistikk for unge mediebrukarar, undersøkande journalistikk på lite dekka felt og stønad til frie spaltistar med publiseringsavtale.

Mest stønad fekk Norsk Telegrambyrå, eller NTB, for si satsing på klimaspørsmål. Det var i alt mange klimaprosjekt som fekk stønad. Mellom anna får Framtida.no 100.000 kroner for glokal journalistikk om mediespørsmål.

Du kan sjå heile lista under.

LES OGSÅ: Journalisten fryktar for livet

Desse får pengar frå Fritt Ord:

Marta Breen, kommentator i Dagsavisen – 75 000

Anders Sømme Hammer, reportasjar frå Syria, Irak og Afghanistan – 250 000

Tarjei Leer-Salvesen, Plot, artikkelserie om klimahåp – 75 000

Kristian Mendoza, reportasjar i Utrop, det fleirkulturelle Norge – 30 000

Kommunal Rapport, leverandørdatabasen – 400 000

Ragnhild Enoksen, reportasjar i Nordlys, val ved livets slutt – 25 000

Webjørn Swendsen Espeland, NRK P3, unge i Europa – 30 000

Romsdals Budstikke, lokal debatt – 150 000

Forskning.no, kan vi stole på forskinga? – 200 000

Forskning.no, kvifor er nokre forskarar og forskingsmiljø uproduktive? – 250 000

Lars Akerhaug, artikkelserie om muslimske konvertittar – 60 000

Dagbladet, sakprosa-anmelderi – 200 000

Dagens Perspektiv, ny satsing på Europa – 200 000

Harvest Publishing, klimaspørsmål – 300 000

Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, fornybar.no – 200 000

Roy Freddy Andersen, Dagsavisen, journalistikk fra Sentral-Europa – 100 000

Jill Johannessen og Otto von Münchow, menneskje og klimaendringar – 70 000

Norsk Telegrambyrå, klimajournalistikk – 500 000

Framtida.no, glokal journalistikk om klimaspørsmål – 100 000

Journalisten.no, mediedebatt – 300 000

Nationen, makten over maten – 100 000

Natt & Dag, debattsider på nett – 100 000

Doremus Schafer (psevdonym), mediekritisk spalte – 50 000

Varden, debattportal for Agderposten Medier – 125 000

Plot, Finnmark i endring – 150 000

Maren Sæbø, Afrikaportalen – 100 000

Dokk.no, føljetong om uløyste drapssaker – 200 000

Oslo Business Memo, større gravesaker – 250 000

Helle Benedicte Berg, arkitektur og byutvikling – 40 000

Ny Tid, gravejournalistikk om terror og etterretning – 200 000

Lars Elton, kunst- og kulturjournalistikk – 70 000

Drammens Tidende, "People’s Paper" på Fjell – 250 000

Faktaboks

Stiftinga Fritt Ord deler kvart år ut 10 millionar kroner til kvalitetsjournalistikk.

No er det klart kven som får støtte etter første søknadsrunde.

Seks område blir prioritert no:

Journalistikk om Norges forhold til EU og Europa

Journalistikk om klimaspørsmål

Kritisk journalistikk og tilrettelegging av debatt i norske lokalsamfunn

Journalistikk for unge mediebrukarar

Undersøkande journalistikk på lite dekka felt

Prosjektstønad til frie spaltistar med publiseringsavtale.

Framtida.no får 100.000 kroner for å laga glokal journalistikk om klimaspørsmål.