COP21: Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meiner Noreg er bakstreversk

 – Den norske modellen byggjar på grunnleggande menneskerettar å ta vare på utsette grupper. Difor skjønar eg ikkje at Noreg kan gå i bresjen for å fjerne dette frå formålsparagrafen, seier leiar i Norsk Tjenestemannslag Ung (NTL Ung) Sahar Azari.

Ho er i Paris under klimatoppmøtet COP21.

Siste nytt er at forhandlarane er einige om tre ulike framlegg til klimaavtale, som er sendt over til miljøministrane. Eitt av desse inneheld Noreg sitt kontroversielle forslag om å utelukka menneskerettar frå formålsparagrafen og heller inkludera det i forordet.

Fossil misnøye
Fredag vart Noreg kåra til dagens fossil. Prisen delte dei med USA og Saudi-Arabia for forslaget om å ta ut tekst om menneskerettar i formålsparagrafen.

At mange er misnøgde med Noreg si rolle under klimaforhandlingane  kom tydeleg fram då Johanne Sæther Houge, som er norske miljø- og utviklingsorganisasjonar (FoRUM) sin representant i den norske delegasjonen, møtte norsk sivilsamfunn laurdag ettermiddag.

Den siste veka har det vore to kontroversar knytt til Noreg. Den første var då Erna Solberg sa at me i framtida gjerne vil ha prosjekt med avskoging og kvotehandel der me kan sleppa ut meir CO2 dersom Brasil reduserte si avskoging. Brasils miljøminister gjekk hardt ut og sa at dei aldri vil ta imot pengar Noreg aldri vil ta imot pengar for at Noreg kan sleppe ut meir CO2.

Framtida.no følgjer klimatoppmøtet. Les meir her!

EU vil ikkje ha historisk ansvar
Den andre kontroversen er at Noreg foreslo å endre formålsparagrafen slik at han ikkje inkluderer menneskerettar. Dette punktet har vore svært viktig for sivilsamfunn, fagrørsla og urfolk.

Ungdomsrepresentantane frå den norske fagrørsla meiner Noreg er bakstreversk.

– Noreg har gått frå å vere eit føregangsland, til å no nesten motarbeide forhandlingane, meiner studentrepresentant i NTL Ung Eirik Borander.

Dei håpar på ein rettferdig klimaavtale, som tek vare på dei som vert hardast råka både i nord og sør.

Så langt har det handla mykje om språket og ein har ikkje snakka så mykje om dei store vanskelege spørsmåla, som historisk ansvar. EU vil ikkje gå med på noko referanse til historisk ansvar i avtalen.

Kvar er TTIP og TISA?
Då Besteforeldrenes klimaavtale møtte den norske delegasjonen var det tydeleg misnøye med at Noreg ikkje tek ei meir progressiv rolle i forhandlingane.

At TTIP og TISA ikkje vert nemnt i forhandlingane, skapte òg mykje debatt.

Fleire fryktar innføring av ein internasjonal handelsavtale som opnar opp for at kommersielle interesser kan saksøkja statar for inntektstap på grunn av effektive miljø- og klimatiltak. Ein slik avtale kan gjere arbeidet med klimaavtalen fånyttes fordi det vil hindra framtidige tiltak, meiner dei.

Les meir: TTIP kan få store følgjer for Noreg