≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Are Kalvø

Are Kalvø: «Ja til krypande ektemakar i politikken»

La oss heller snakke om den videoen med dei ungane som krasja pappas intervju på direkten.

Are Kalvø
søndag 19. mars 2017 08.51

Are Kalvø: «Ja til krypande ektemakar i politikken» Bilde frå Youtube

Verkelig? Det tenker kanskje du. Verkelig? Høgrepopulismen er på frammarsj. Storbritannia er i oppløysing. Tyrkia blir autoritært. Folk svelt. Tenåringar med hettegenser og fordreidd stemme skremmer NRK-journalistar. Norge sender ein heilt grei song til Eurovision. Folk over heile Norge er redde for at dei kanskje ikkje får laurdagsavisa si. SV har landsmøte. Kort sagt: Verden står i brann.

Og vi skal snakke om ein tøysevideo på internett?!

Ja, det er det vi skal. For den videoen viser kva alt saman eigentlig handlar om.

Til dei som har prestert å gå glipp av denne videoen: Det er berre å google «bbc interview kids» eller noko i den retninga, så får du tusen millionar treff. Videoklippet på eit knapt minutt er sett av ein fantasillion menneske kloden over, og viser altså ein professor som sitt der i jakke og slips og ser veldig seriøs ut og blir intervjua på direkten om situasjonen i Sør-Korea. Så kjem først ein unge inn i rommet og stel all merksemda. Så ein til. Så kjem kona hans bokstavelig talt seglande inn i rommet og prøver å få med seg ungane ut og redde situasjonen. Dette gjer ho krypande langs golvet, trulig i eit forsøk på å gjere seg sjølv usynlig. Det heile er svært morsomt. Og svært sjarmerande. Og det er sjølvsagt heilt umulig å få med seg noko som helst av det professoren seier om situasjonen i Sør-Korea.

Og det er det som er vakkert her. Eg er ganske sikker på at denne professoren har greie på det han snakkar om, men dette vesle minuttet viser kor lite som skal til før ein slik person mister all autoritet. Og det skjer altfor sjeldan. Det burde skje mykje oftare at den morsomme og sjarmerande verkeligheita kjem gåande, krypande eller seglande inn i bakgrunnen medan folk prøver å sjå seriøse ut.

For å ta eit tilfeldig eksempel: Meg sjølv. Eg har ein gong fått låne Dagsrevy-studio for å lage ein tullevideo. Eg kvapp då eg fekk sjå det opptaket. Fordi eg såg så truverdig ut. Og det gjorde eg utelukkande fordi eg satt der eg satt, og hadde jakke og slips, og såg rett i kamera, og var alvorlig. Viss eg ikkje viste betre, ville eg tenkt at dette er ein fyr som har greie på det han snakkar om.

For å ta eit anna tilfeldig eksempel: Meg sjølv. Forrige helg var eg med i «Nytt på nytt». Poenget er forsåvidt ikkje at eg var med. Eg berre nemner det for å skryte. Poenget er at heilt til slutt i dette programmet, var det tre svært morsomme sekund der Dagsrevyens Nina Owing var klipt frekt og stod der med det alvorlige nyheitsankerfjeset sitt og sa «Kvinner er mindre intelligente enn menn».

Alle veit at «Nytt på nytt» er eit tøyseprogram, og at Owing sjølvsagt sa noko rett før eller rett etter dette klippet som forklarer alt. Likevel, i akkurat desse tre sekunda, fordi ho er den ho er, står der ho står, og er så alvorlig, så ser det heilt ut som om dette er noko ho verkelig meiner.

Og det er det som er saka. Det skal så utrulig lite til å sjå ut som om du har greie på det du snakkar om. Eit alvorlig ansikt. Ei seriøs mine. Eit slips. Eit ørlite nikk. Eit verdenskart i bakgrunnen.

Og det skal så utrulig lite til å rive ned all denne autoriteten. Eit barn som kjem svinsande inn. Ein lågtseglande ektefelle. Men det skjer nesten aldri. Det er derfor vi har ein tendens til å tru på alle desse som ser alvorlige ut. Og det er derfor vi i framtida alltid bør prøve å sjå for oss ustyrlige ungar og seglande ektefellar i bakgrunnen. Når nokon i stort alvor snakkar om at hovudstaden blir tatt over av kriminelle voldelige trettenåringar. Når nokon seier at samfunnet vårt bryt saman viss ikkje folk får avisa si på laurdag. Når nokon seier at by og land i Norge ligg i krig. Når nokon på den nederlandske valdagen snakkar i stort alvor om at høgrepopulismen er i ferd med å feste grepet om Europa ein gong for alle, og den same personen dagen etter seier at høgrepopulismen er slått tilbake i Europa ein gong for alle. I det heile tatt: Når nokon forklarer noko for deg. Med slipset sitt. Og ansiktet sitt. Og alvoret sitt.

Spør deg sjølv: Ville eg framleis høyrt på denne personen viss eit par barn og ei kone segla omkring i bakgrunnen? Viss ikkje, kanskje eg heller skal gå ut og gjere noko hyggelig.


Publisert i Aftenposten 20. mars.

Gjekk du glipp av videoen? Eller vil du sjå han igjen? Her er han:


Oppdatert: søndag 19. mars 2017 09.11
Kommentarar



Are Kalvø

Forfattar, standup-komikar, programleiar og kåsør. Noregs 57. morsomste mann! Følg @Are_Kalvo på Twitter og sjå heimesida arekalvo.no !

 
ANNONSE: