«Alle» vil jobba i butikk. Det uroar ekspertane.
Ekspertar er uroa over den store pågangen daglegvarekjeder har ved ledige butikkjobbar. Kiwi fekk i fjor 65.352 søknader til 1.347 stillingsutlysingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Alle» vil jobba i butikk
Det vil seie at kjeda fekk nesten 50 søknadar per utlyste stilling, skriv Dagens Næringsliv. Stillingane var i hovudsak deltidsstillingar.
– Det er kjempeinteresse for å jobbe i butikk, spesielt som ein deltidsjobb blant unge, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop til avisa. Kiwis kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin trur folk opplever det som meir attraktivt å jobbe i daglegvare, men seier at det også kan kome av at det no er færre jobbar for personar utan formell kompetanse.
Professor i strategi ved Handelshøyskolen BI Amir Sasson og arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik i Nav seier dei er uroa over den store auken i talet på søkjarar. Sasson trur lågare investeringsvilje gjer arbeidsmarknaden vanskelegare for mange utan formell kompetanse.
– Det er urovekkjande at det er mange søkjarar på desse jobbane, fordi det viser at det er mange som har behov for arbeid og ikkje har jobb, seier Hugvik. Han meiner det viser at det er for få jobbar, og legg til at det viktigaste unge kan gjere er å fullføre vidaregåande skule. (©NPK)
Meir å lesa:
Arbeidslivet endrar seg. Er det slik det skal sjå ut i framtida?