1 av 6 har blitt trua for ytringane sine
Ytringsfridomen som idé står sterkt i Noreg, men mange opplever at kvinner og minoritetar ofte blir trakassert når dei ytrar seg offentleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På pressefridomen sin dag, 3. mai, la stiftinga Fritt Ord fram det første ytringsfridomsbarometeret i Noreg. Undersøkinga viser at 82 prosent av dei som svara meiner at alle kan uttrykka meiningane sine fritt i Noreg.
Kring éin av tre meiner at kvinner og minoritetar ofte blir trakassert når dei ytrar seg offentleg.
Nesten ein av seks har opplevd truslar eller trakassering med bakgrunn i ytringane deira. 20 prosent av dei mellom 15 og 30 år har opplevd dette. 6 prosent av dei unge har opplevd vald med bakgrunn i ytringane deira.
LES OGSÅ: Ytringsfridom for alle?
Avgrensa på jobben
Toleranse for varsling i arbeidslivet har stor oppslutning, men mange opplever at jobben avgrensar ytringsfridomen deira.
Over halvparten av dei spurte meiner forsvaret for ytringsfridomen er blant dei to viktigaste måla for landet vårt dei neste ti åra. Forsvaret for ytringsfridomen framstår likevel ikkje som like klar viss ytterleggåande grupper eller personar ønskjer å nytta seg av den.
Dei fleste meiner at krenkande og feilaktige ytringar i media bør kunne straffast, at politisk TV-reklame bør bli forbode og at personar med ytterleggåande meiningar bør kunne overvakast.
– Det kan virka som at nordmenn har eit meir restriktivt syn på ytringsfridom enn det dei sjølv kanskje likar å tru, skriv Audun Fladmoe og Roar Hind i TNS Gallup i ein kronikk på NRK Ytring. Det TNS Gallup som har utført undersøkinga.
LES OGSÅ: Skjønn!
Unge meir kritiske til media
Kring to av tre meiner at det er stor takhøgd for avvikande meiningar. Dei fleste meiner at media informerer om vesentlege forhold, men langt færre meiner media legg til rette for at personar med kontroversielle synspunkt slepp til.
Dei unge er mest usamde i at media avdekker kritikkverdige forhold i samfunnet, vernar enkeltmenneske mot overgrep og forsømmingar og informerer om vesentlege forhold i samfunnet.
Organisasjonen Reportarar utan grenser offentleggjortde tidlegare i dag ein rapport som viser at pressa i Noreg er tredje mest fri i verda. I fjor kom Noreg på førsteplass saman med Finland.
Korleis meiner du det står til med ytringsfridomen i Noreg? Bør det vera grenser for kva ein kan skriva?