Fire timar i veka jobbar desse 18-åringane med å promotere kunst

Blikkopnarane er kunstformidlarar. Dei jobbar med å få andre ungdom inn på kunstmuseum, men kan berre ha jobben i eitt år.

Oda Sundgot
Publisert
Oppdatert 27.05.2024 10:05

Framtida får møte åtte blikkopnarar på Astrup Fearnley Museet. Museet held på å stenge og blikkopnarane har akkurat starta arbeidsdagen.

– Vi heldt på med mykje ulikt, vi har både vore omvisarar og arrangørar, seier Fabiola Skaara (18).

Det er 15 blikkopnarar i Oslo. Fem av dei jobbar på Astrup Fearnley Museet, resten rullerer mellom Kunstnernes Hus og Unge Kunstneres samfunn (UKS).

Dei er 16 til 19 år gamle og jobbar med å formidle kunst til andre ungdommar.

 

 

Importert konsept

Blikkåpner er inspirert av eit prosjekt på Stedelijk museum i Amsterdam.

– Då vi høyrde om «blikopeners» i Amsterdam, tenkte vi at det måtte gå an å få til noko liknande i Noreg, seier Birthe Selvaag.

Selvaag jobbar som rådgivar i kunst- og kulturavdelinga til Sparebankstiftelsen DNB.

Sparebankstiftelsen finansierer delar av prosjektet, saman med kunstinstitusjonane dei samarbeider med.

Eitt av krava er at arrangementa til blikkopnarane må vere gratis for 16- til 19-åringar.

– Sparebankstiftelsen gir tilskot til tiltak som er bra for ålmenta. Vi ønsker at fleire skal oppdage gleda ved kunst, og Blikkåpner er eit prosjekt som er spesielt retta mot ungdom, seier Selvaag.

Ordninga finst utanom Oslo òg. Henie Onstad Kunstsenter, Galleri F15 i Moss og Lillehammer Kunstmuseum er med. Dessutan skal Preus museum i Horten ha blikkopnarar for fyrste gong til hausten.

Stille disko og møte med kongen

Dei har hatt jobben sidan august og har hatt mange arrangement sidan då.

– Til jul hadde vi ein kunstmarknad på UKS. Vi fekk meir enn 50 søknadar frå kunstnarar som ville delta. Då måtte vi vere jury og velje ut kven som fekk vere med, seier Selma Maurseth (18).

Dei har arrangert «silent disco» heile to gonger, både på Astrup Fearnley Museet og Kunstnernes Hus. På «silent disco» får alle utdelt eit par høyreklokkar, så berre dei som er med kan høyre musikken.

– Til vår «silent disco», som var på Kunstnernes Hus, lagde vi eit eige lydspor. Vi kombinerte diskotek med omvising i utstillinga, seier Oliver Naper (18).

Fleire av blikkopnarane trekker fram det som favorittarrangementa sine.

Ungdommane har òg fått bli med på kulturarrangement dei ikkje arrangerer sjølv.

– Vi blei invitert på ein privat ballettframsyning med kongen, seier Maurseth.

– E-posten med invitasjonen har eg ramma inn og hengt på veggen. Det var kjempekult.

Vertskap og innhald til TikTok

Når dei inviterer til arrangement, er blikkopnarane ansvarlege for å planlegge, rigge og vere vertskap.

– Vi lærer å delegere ansvar og å ha leiarroller, seier Naper.

Når dei planlegg må dei prøve å finne ut kva arrangement folk vil gå på. Dei må òg marknadsføre arrangementa sine.

– Eg elskar TikTok. Rett før eg søkte om å bli blikkopnar, laga eg ein TikTok om nasjonalmuseet som gjekk litt viralt, seier Skaara.

Marknadsføringa går både på TikTok og Instagram. Dei har funne ut at TikTok er kanalen der dei når flest ungdommar.

– Det er større sjanse for at ungdom finn oss på TikTok, men Instagram fungerer betre om vi skal ha eit arrangement, seier Zara Kokub (18).

Kunst på sida

Fleire av blikkopnarane går på kreative linjer på vidaregåande, som kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon og informasjonsteknologi og medieproduksjon. Det er òg mange som går studiespesialisering.

– Eg går på studiespesialisering på Edvard Munch VGS, men eg tar kreative valfag, seier Skaara.

Fleire av blikkopnarane som går på studiespesialisering har halde på med kunst på sida.

– Eg har halde på med kunst på fritida mi lenge, det var difor eg ville bli blikkopnar, seier Kokub.

Ho visste ikkje om Astrup Fearnley museet før ho blei blikkopnar, men no er det blitt favorittmuseet hennar.

Blikkopnarane går målretta gjennom romma i Astrup Fearnley si samlingsutstilling. Dei er godt kjende med kunsten. Dei pratar om kva kunst dei likar og ikkje likar.

Det er delte meiningar; er installasjonen med ein utstoppa hest kledd som ein einhyrning kjempekul eller litt ubehageleg?

Nokre syntest det var litt skummelt å skulle halde omvising til å byrje med.

– No synest eg det er kjekt å ha omvising, seier Kokub. – Eg merkar at eg har blitt meir trygg på meg sjølv. Det er eg som har kontroll når eg er omvisaren.

Blikkopnarane må av og til forhalde seg til folk som ikkje likar kunst.

– Det er av og til ein har omvising og så er mindre enn halvparten interesserte. Då gjeld det å prøve å få med seg resten, seier Kokub.

Ho har gjort seg nokre erfaringar om korleis ein omvisar kan vere meir engasjerande.

– Folk synest det er kjedeleg å stå og sjå på noko for lenge. Dei synest òg det er kjedeleg om nokon pratar for lenge, seier ho.

Blikkopnarane meiner at dei har ein fordel over andre omvisarar. Dei ser kunsten på ein annan måte og kan presentere han slik at ungdom forstår.

– Nokre gonger har eg vore på omvising og tenkt: «dette er det kjedelegaste eg har opplevd», seier Skaara.

Målet til ein blikkopnar er å skape kunstglede bland ungdom.

– Det treng ikkje alltid vere i ei omvising. Vi har andre arrangement der kunsten ikkje er hovudfokuset, seier Naper.

– Målet er at nokon kjem på eit blikkopnar-arrangement og så reiser dei på eit kunstmuseum etterpå.

Blikkopnarane kan berre halde på i eitt år. Til hausten kjem det nye blikkopnarar til dei ulike kunstinstitusjonane.

– Eg skulle gjerne ha fortsett. Om det opnar seg ei moglegheit for å gjere dette lengre tar eg ho med ein gong, seier Maurseth.