Teater i bokform

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Nasjonal prøve
Forfattar: Maria Tryti Vennerød
Forlag: Cappelen Damm, 2011

Som eit manus for scenearbeid, har stykket ni-ti skodespelarar, ein dramaturg og regissør til å lese heile eller delar av teksten, og til å tolke og formidle han. Som lesar av boka Nasjonal prøve må lesaren ta alle jobbane. Regissøren, dramaturgens og kvar og ein av skodespelarane sin jobb. Det er ein komplisert jobb. Det er difor vi må ta han.

Nasjonal prøve er eit stykke ope og ofte ubegripeleg, pirrande tekst. Dramatikk i bokform er det lite av i Noreg. Dramatikk for barn og unge er særleg sjeldan. Men Cappelen Damm har gitt ut denne teksten pakka inn i omslag illustrert med pultar og stolar. Skulebenkar i tilsynelatande uorden, tilsynelatande uføreseielege, men likevel til å kjenne att. Slik er også dramateksten Nasjonal prøve: Han er som kjenslene våre, som det å vere menneske, som livet sjølv.

Sjansen er stor for at du ein dag møter teksten Nasjonal prøve. Det kan vere som lesar av boka, som skodespelar som skal realisere stykket til scena, eller som publikummar. Nasjonal prøve er skrive på oppdrag for DUS. DUS er kort for Den Unge Scenen, og blei oppretta i 2004 for ”å heve nivået på ungdomsteater i Noreg” (mi omsetjing til nynorsk). Fjorten teaterinstitusjonar over heile landet er ein del av dette nettverket. Dei bestiller og er med på å utvikle scenetekstar av Carl Frode Tiller, Vigdis Hjorth, Knut Nærum, nemnte Vennerød, og fleire. Dei er skrive for grupper av unge skodespelarar.

Nasjonal prøve er for ti karakterar, og opp til ti skodespelarar.  Å halde styring på like mange viljer, like mange prosjekt og retningar er ikkje greitt for ein lesar. Då er det greit at Vennerød har nytta den velkjende ramma av eit klasserom, av skulesituasjonen generelt og ”nasjonal prøve” spesielt. Dermed er det noko kjent i alt det som sidan skal bli meir og mindre begripeleg, og meir og meir stimulerande og tilfredstillande. Åh, kor godt det er å møte tekst med motstand, kor ein kjenner seg vurdert som likestilt med forfattaren sjølv. Og åh, kor det er godt å møte karakterar som ein har møtt før. I seg sjølv, eller i dei klassane kor ein har gått:

Kven vi møter i teksten:

Vidar er stykkets gåte, spørjeteikn. Han er aldri til stades på scena, men er det bare gjennom alle andre sine forteljingar om han. Kor har det blitt av han? Står han bak skulemassakren som det er trugslar om frå naboskulen?

Julia er protagonisten, ei heltinne, ei som driv handlinga og heile verda framover.

Mikal er også sterk, men brukar handlekrafta si til å prøve å få draget på Julia.

Målfrid er lærarinna som heile tida får høyre det frå bråkmakaren Daniel, og som har kompleks for alderen sin.

Arvid er han ”som kjem inn utanfrå” som ein Gregers eller Stockmann, som prøver å kalle ein spade for ein spade, men som endar med å bare forsvinne ut av biletet.

Her har ein med andre ord mange av dei kjente klassekameratane, det ambisiøse NHH-potensialet Henrik, her er dei to vakre, sensitive og kjærlege, som blir saman. Kanskje, kanskje ikkje. Ein møter lærerinna med kompleks for alderen sin, og vikarlæraren som seier, som noko av det første ”Eg er ikkje lærar”.

Kva vil dei?

Mikal vil ha Julie. Julie vil ha Vidar. Målfrid blir skulda, av Daniel, for å ville ha Vidar. Vidar ville kanskje vekk. Han verkar å vere som ein slags profetfigur, ein som sa sanninga. Arvid vil også vere profet. Men Arvid er for nære. Og profet kan ein jo ikkje vere i eigen by.

Arvid gir opp, brenn opp papira sine, forsvinn. Henrik går. Målfrid går ikkje. Ho gir ikkje opp Vidar, og blir mishandla, sjuk. Mikal gir ikkje opp Julia. Han blir kanskje skoten. Kanskje, kanskje ikkje. For var ikkje Vidar den valdelege, som alle trudde var ein som dreiv med skulemassakrar, og som banka opp Målfrid? Eller var det Henrik Målfrid hadde eit forhold til, og som har banka ho opp? Vekke er dei alle saman. Att står spørsmål.

Nasjonal prøve er både kresent og konsist, men også sølete og ekspansivt. Alt på same tid. Men mest av alt er det eit treffande bilete av skuleinstitusjonen. Institusjonalisering er i beste fall effektivt. Men det er likevel ein viktig del av det som skapar likskapssamfunnet og sosialdemokratiet. Ikkje eingong den skuletilpassa og velartikulerte perfeksjonisten Henrik blir på skulen. Her tar han farvel med klassa si:

HENRIK: De som bremsar og ikkje skil mellom kraft og kaos;/ ikkje torer reinska ugras;/ så nye stenglar får stå fram;// Som hindrar frøet spira/ nektar knooppen springa/ fordi de hatar blomstren/ når han faldar seg ut// Alle de som stel/ Mitt potensial/ til å visa grøde.

ARVID: Kva med oss?

HENRIK: Alle dykk/ Skulle eg meia ned; skote; slakta; massakrert/ Med glede./ Viss eg torde.

Oppsettet som vi får til her på Magasinett vil ikkje likne det frå boka. I boka følgjer replikkane på kvarandre i ei rekkje til høgre. Namna til dei som uttalar seg følgjer på kvarandre i ei rekkje til venstre. Lesaren kan med lettheit lese bare replikkane. Ein kan på den måten lese teksten som ein eineståande tekst, som eit dikt, og finne flyten og rytma i teksten aleine. Ein kan også la blikket vandre frå venstre mot høgre og halde styr på kven som seier kva. Ein gong las eg bare ”Julias” replikkar, ein annan gong bare Mikals. Skilnaden i språka til dei einskilde karakterane er ein av måtane Vennerød lagar handling i språket. Andre måtar ho gjer det på, er gjennom posisjonane karakterar i mellom, og kva status dei har:

Status oppretta gjennom språk

”Språkhandlingar” er når språket sjølv beveger. Det er språk som dirrar, skjelv, dyttar borti deg som høyrer på. Eit døme frå Nasjonal prøve: I første scena resiterer Julia for Mikal:

JULIA: ”Vi likar det ikkje men gjer som vi må,”

MIKAL: Sa han

JULIA: ”For vi må ingen ting – og vi gjer ingenting.”

MIKAL: Er det Vidar

JULIA: Las han ikkje til deg

MIKAL: Vi dreiv ikkje med høgtlesing

I neste scene resiterer Julia det same, men no med heile klassen til stades:

JULIA: (…) : (…) ”vi må ingenting – og vi gjer ingenting.”

MIKAL: Julia, la vera

MÅLFRID: Julia, eg forstår ikkje kva du seier/ faktisk

MIKAL: Ingen forstår kva du seier.

JULIA: Ikkje du heller

I første scena får ein vite noko om kva Julia og Vidar gjorde då dei var i lag. I andre scena posisjonerer Julia og Mikal seg i mellom. Den eine over den andre. Og den andre over den første igjen. Ein kan også lese inn noko i Målfrids kommentar. Akkurat kva ho kan meine med kommentaren er ikkje poenget. Poenget er at replikkane ikkje er likesæle. Alle vil dei noko med kva dei seier. Og under alt ligg døydeleg alvor og ungdommeleg råskap.

Eg har ikkje lese alt av Vennerød, og eg har ikkje lese nøye, det som eg har lese. Men ut i frå det som eg har lese, ser eg noko Vennerødsk i stykka som eg las. Ho etablerar ei gruppe av ungdom, og gir dei eit uttrykk som alle, uansett kor rart uttrykket er, adopterer og brukar med den største sjølvfølge. I Nasjonal prøve er uttrykket å smøra nokon oppetter veggen. Det er bare språk, og blir ikkje utført fysisk før i sjuande scena, når Cecilie blir dynka med raud måling.

CECILIE (prøver å tørka seg) Faens fitte

ARVID: Synd du skulle bli så blaut

CECILIE: Vi er styrt av uromoment

(…)

ARVID: Kvifor vil du, Cecilie, smørja kvar og ein av oss oppetter veggen

(…)

Uromomenta er ikkje først og framst karakterane i stykket, men språket, dramaturgien, det er sølete på måten som er intuitiv og spontan, autentisk og heilt umuleg å melde. Denne meldinga må slutte her. Ikkje rart at mange forlag tykkjer at det er vanskeleg og risikofylt å gi ut dramatikk i bokform. Dette stykket skal spelast. Og helst av nokon som har den der flammen i hjarta.

Denne bokmeldinga blei først publisert i Magasinett!