Wikipedia blir samla til eitt rike

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare har www.wikipedia.no omdirigert til bokmålsutgåva (no.wikipedia.org).

Wikipedia på bokmål har i dag over 310.000 artiklar og er den suverent mest vitja kunnskapsstaden i Noreg. Wikipedia på nynorsk har over 72.000 artiklar og er dermed den mest omfattande kunnskapstaden på nynorsk. Samisk Wikipedia er det minste av dei norske Wikipedia-prosjekta og har i overkant av 3600 artiklar. Samisk Wikipedia er det einaste oppslagsverket på samisk.

– Sett i høve til folketalet som brukar norsk bokmål eller nynorsk og dessutan samisk ligg alle tre Wikipedia-prosjekta i verdstoppen i omfang og lesarmasse. Vi kan med rette hevde at vi nordmenn er verdsmeistrar i dugnad når det gjeld kunnskapsbygging, seier styreleiar for Wikimedia Norge, Jarle Vines i ei pressemelding.

Samrøystes vedteke
Det er Wikimedia Noreg som eig domenet wikipedia.no, og i april avgjorde årsmøtet samrøystes å gjere om domenet til ein felles portal.

«At wikipedia.no peikar på bokmålsutgåva impliserer at Wikipedia på bokmål er ‘Wikipedia på norsk’. Med tanke på at det eksisterer tre ulike språkversjonar av Wikipedia retta mot Noreg – samisk, nynorsk og bokmål, så er einaste rimelege løysinga at wikipedia.no peikar til éi felles side for desse tre», vart det uttalt i debatten på årsmøtet.

Ventar auka trafikk
Wikimedia Noreg er ein norsk medlemsorganisasjon med det formålet å støtte dei norsk- og samisksspråklege Wikimedia-prosjekta. Samskipnaden er assosiert med den ideelle Wikimedia-stiftinga, som driftar Wikipedia og andre opne nettstader.

– Det er gledeleg at brukarar av wikipedia.no no får enklare tilgjenge til utgåvene på nynorsk og samisk», seier Jarle Vines, og held fram:

– Mange veit ikkje at desse utgåvene eksisterer, og meir trafikk til desse vil igjen føre til auka vekst. Wikimedia Noreg er opptekne av å støtte alle Wikimedia-prosjekt.

I sommar har ein portal blitt sett opp på adressa portal.wikipedia.no. Denne vil flyttast til adresse www.wikipedia.no i løpet av kvelden måndag den 22. august, slik at han vil vere tilgjengeleg tysdag morgon.