Vil halde på bygda ved kommunesamanslåing

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil halde på bygda

– Ein må gjere det som er best, men så er det vanskeleg å vite kva som er det beste. Så det er lett å ynskje at ting blir verande slik det har vore. Men det kan jo vera det vert mykje betre for alle med samanslåing, seier ungdomsrådsrepresentantane som møter Framtida.no. For dei vert kommunestruktur ein av dei viktigaste sakene å jobbe med i tida som kjem.
Som så mange andre stader i landet, er også Hardanger midt i ordskifta om framtidig kommunestruktur. Ifylgje Avisa Hordaland er Ullensvang herad på veg inn i samtalar om samanslåing med grannekommunane Ulvik, Granvin og Eidfjord.

Jamvel om ungdommane er usikre på kva som er beste løysinga, er dei desto sikrare på eigen rolle i prosessen:

– Sjølvsagt må vi vera med. Det er vi som må slite med eller nyte avgjerdene som vert fatta, seier dei.

Skikkeleg
– For oss har Ullensvang alltid vore Ullensvang, seier ungdommane. Dei likar at det heiter herad og ikkje kommune, for dei ein liten, men morosam ting. Samstundes har dei sterke band til bygdene i heradet, Jakob Midtun og Gunvor Aarvik er frå Lofthus, Vilde Eikås Lægreid er frå Kinsarvik. Dei banda kjem ikkje til å forsvinne med ei eventuell samanslåing.

– Lofthus er Lofthus uansett, seier Midtun.

– Og Kinsarvik er Kinsarvik, men eg kunne budd på Lofthus, altså, legg Eikås Lægreid til.

– Vi kan sikkert bu fleire stader og, så lenge det er Hardanger, slår dei fast alle tre.

Dei peikar på lite press til dømes i høve klede, god plass og ro, som gode kvalitetar ved livet i bygdene. For dei er det viktig at heimbygdene er kjekke stader å bu, også i framtida.

Og vert det samanslåing, peikar dei på at det må gjerast skikkeleg.

– Ein må bestemme seg skikkeleg, slik at folk ikkje vert usikre. Til dømes om heradet må delast, er det viktig at det skjer på ein skikkeleg plass.

Som fleire andre kommunar i Hardanger, nyttar Ullensvang nemninga herad.

Nærleik
Nærleik til både grunnskule og vidaregåande er viktig for ungdommane, uansett kvar grensene  kjem til å  gå.

– Det er langt frå sikkert ein vil flytte ein plass, om ungane må reise langt på skule, seier Jakob Midtun.

I dag reiser ungdom frå Ullensvang nordover til Voss eller sørover til Odda for å gå på vidaregåande. Mange 16-åringar bur heime, men ein del flyttar på hybel. Høvet til å bu heime er viktig, også i framtida.

– Ikkje alle er klåre til å flytte for seg sjølve når dei er 16. Eg trur det aukar sjansane for å droppe ut, om fleire må flytte på hybel. Til dømes om tilbodet på nærskulane vert så dårleg at ein må flytte til Bergen eller grannekommune, seier Gunvor Aarvik. Ho har engasjert seg sterkt i spørsmålet, til dømes gjennom lesarinnlegg i Bergens Tidende.

For ungdomsrådsrepresentantane, er det også fleire ting som er viktig å behalde i nærleiken om det vert kommunesamanslåing. Dei ynskjer mellom anna gode ungdomsarrangement, som ungdomsråd har dei skipa mellom LAN, fjellklatring og eit stort rusfritt 16. mai arrangement – nye arrangement kvart år.

– Vi treng nokon som framleis jobbar for ungdom, og gjer dette mogeleg også i framtida.

– Og så er det viktig med gode opphaldsplassar i nærmiljøet, avsluttar Vilde Eikås Lægreid, Jakob Midtun og Gunvor Aarvik.

Lofthus i Hardanger. For ungdomsrådsrepresentantane er bygdene viktige uansett grense.