Verdas vakraste?
CNN har kåra Langfoss til ein av dei ti vakraste fossane i verda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er fasongen på fossen som gjer at Langfoss i Åkrafjorden kjem på den eksklusive lista over dei ti vakraste fossane i verda. CNN.com skriv at det er den imponerande kombinasjonen av breidde og høgde som gjer Langfoss unik, sjølv om dette ikkje er den største fossen i Noreg.
Den amerikanske kringkastingsgiganten meiner Langfoss også peikar seg ut sidan fossen har kontakt med fjellet heile vegen ned til Åkrafjorden. Dei fleste andre fossar fell i fritt fall.
Også tidlegare har Langfoss vore med i kåringar over dei flottaste fossane i verda, men då i mindre magasin. CNN-kåringa får ein enorm marknadsføringsverdi for reiselivet i Åkrafjorden og resten av regionen.