«Vaffelhjarte» på hindi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire får augo opp for bøkene til Maria Parr. I fjor kom «Vaffelhjarte» ut på samisk med tittelen «Váffelváibmu» og snart kan òg indiske born lese om bestevenene Lena Lid og Trille, på hindi.

LES OGSÅ: Norske bøker populære i utlandet

Nesbø og Parr
Den populære forfattaren Maria Parr er vorte ein av våre fremste barnebokeksportar dei siste åra. Berre Jo Nesbø og Doktor Proktor-bøkene hans er meir populære, skriv Samlaget i ei pressemelding.

Når «Vaffelhjarte» no er selt til India og Georgia, og «Tonje Glimmerdal» er selt til Spania betyr det at dei to bøkene hennar er oppe i førti utanlandsutgjevingar.

Til saman er «Vaffelhjarte» seld til 24 land, medan «Tonje Glimmerdal» er seld til 16 land.

Agenten til Parr er òg i forhandlingar med fleire andre land om bokutgjevingar.

Og utanlandssalet går godt, ifølgje forlaget. I Russland er det til dømes selt 40.000 eksemplar av dei to titlane. Interessa for bøkene hennar er òg stor i Tyskland..