Redaksjonell rapport for 2011

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire lesarar
I løpet av året har over 170.000 unike brukarar vore innom Framtida.no. Talet på unike brukarar i løpet av ei veke har gått opp til i overkant av 6000 unike brukarar, frå i underkant av 5000 unike brukarar ved byrjinga av 2011. I løpet av november 2011 hadde me 19.000 unike brukarar – eitt år tidlegare hadde me 16.000 unike brukarar.

LES OGSÅ: Her er dei mest lesne sakene våre

Reisande journalistar
Etter å ha fått støtte frå Vinjefondet for eitt år sidan, tilsette Framtida.no Marit Lajord og Andrea Øien Sæverud som reisande journalistar i deltidsstillingar i vår. Dei har reist rundt for å setja søkjelys på kva ungdom er opptatt av før valet. I løpet av året har me vore frå Kristiansand i sør til Longyearbyen i nord. I tillegg til å laga reportasjar og intervju på turane, har me vore på fleire skulebesøk.

Omtale
I løpet av året har me fått omtale eller blitt sitert 69 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. I tillegg kjem omtale og siteringar på aviser som ikkje er tilslutta denne, og omtale og siteringar på nettaviser 48 gonger, ifølgje overblikk.no.

ABC Nyheter har brukt fleire saker frå oss, og både TV2 og Dagbladet har sitert saker frå oss. Etter at Frank Aarebrot kalla pensjonistar for ”ekle, egoistiske bandittar” på Framtida.no, blei det førstesideoppslag i Dagbladet, debatt på NRK Ukeslutt og ei rad saker i andre media. Sjølv om Dagbladet viste til Framtida.no, så gjorde ikkje NTB dette. Etter dette har me blitt, og skal halda fram med å vera flinkare til å tipsa NTB om potensielle saker med ein gong dei er publisert.

Kronikken til statslause Yousef Shamari rett før valet har òg skapt dagsorden, og er no den mest lesne saka på Framtida.no. Både P4, Nettavisen og Klassekampen har omtala kronikken hans. Då Audun Lysbakken varsla ei lovendring 15. desember, sa han at kronikken til Yousef hadde gjort inntrykk. Begge desse nemnde sakene har me fått gjennom samarbeidet med Landslaget for lokalaviser – eit samarbeid me set stor pris på.

Populær partitest
Før valet laga me Partitesten saman med ABC Nyheter – den første i sitt slag på nynorsk – noko som gav mange nye lesarar til Framtida.no. Til saman har denne gjeve Framtida.no over 20.000 sidevisingar. Fem dagar før valet rapporterte ABC Nyheter om over 135.000 sidevisingar. Ifølgje Dagsavisen var partitesten vår samla den nest mest brukte i landet.

Leiarane av ungdomspartia testa testen for oss, og testen vår var den einaste som gav alle desse rett parti.

Godt samarbeid gjev meir innhald
I tillegg til eigne saker har Framtida.no i år hatt avtale med lokalavisene Bø Blad, Grannar, Hallingdølen, Haramsnytt, Hordaland, Kvinnheringen, Sogn Avis, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest og Under Dusken som har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff. Samarbeidet har dessutan gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenking til nettavisene deira.
I juli byrja Framtida.no dessutan å abonnera på nyhende frå Nynorsk pressekontor, noko som gjer at me kan presentera endå fleire nyhende til lesarane våre.

Me har også samarbeidd med Mot til å meina i løpet av året. Gjennom nettsida Førstevalget.no har Partitesten vår fått mykje trafikk.

Og så må ein sjølvsagt nemna støtta me får frå Kulturdepartementet – og ikkje minst det gode samarbeidet med stiftarane våre Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden. Me har også ansvar for driftinga av innhaldet på Startsida.no og saman med Framtida.no vil me i løpet av våren undersøkja korleis me laga eit nynorsk tilbod som kan nå endå fleire lesarar.

Magasinett.no
Frå nyttår tok Framtida.no over drifta av Magasinett.no. Med Startsida.no ønskjer me å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett og dette er med på å støtta opp under dette.

Distribusjon og seriar
Til neste år planlegg me fleire artikkelseriar for å følgja eit tema over tid – utan at me vil røpa så mykje enno.

Det er derimot ikkje hemmeleg at me vil gjera det lettare for brukarane å følgja tema dei er ekstra interessert i gjennom nyhendestraumar til tema-sidene våre. Me har også laga ein nyhendeboks med dei siste overskriftene våre som kan leggjast inn enkelt på andre nettsider.

FÅ SISTE NYHENDA TIL HEIMESIDA DI!

Me planlegg også å gjera det lettare for skulane å bruka artiklane våre i undervisinga. I lærarbloggen skule.origo.no kjem me og Magasinett med tips til korleis Framtida og Magasinett kan brukast i undervisinga.

Har du idear til korleis Framtida.no og Startsida.no kan bli brukt av fleire? Har du tips til korleis me kan bli betre? Skriv i kommentarfeltet, eller send epost til oss!