På tur til gamle norske koloniar i vest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka «Øyene i vest» av Kirsti Jareg tek oss med til Hebridane, Orknøyane og Shetland på ei litt annleis reise.

Nokre nordmenn knyter dei skotske øyrika nesten berre til fiskerimeldingane, og kan knapt plassere dei på kartet. Mange av innbyggjarane på Hebridane, Orknøyane og Shetland har derimot god oversikt over kvar Noreg ligg og kjenner seg også delvis som norske.

Sterke band
Trass i alle historiske, kulturelle, språklege og politiske band mellom Noreg og dei skotske øyane finst det heller ikkje så mykje norsk litteratur frå desse øyrika. Det var ein av grunnane til at Kirsti Jareg ville skrive bok om stadene ho har vitja heilt sidan barndomen.

Med boka vil forfattaren vekke interessa vår for naboane i vest og den ville og varierte naturen på andre sida av Nordsjøen. Øybuarane der held både den norske og den keltiske kulturtradisjonen i hevd i dag.

Forfattaren sjølv seier ho lir av «islomani» – ein uimotståeleg trong til å oppsøkje øyar. Ho blei smitta i barndommen og har mange minne frå turar til Hebridane til skotske slektningar.

Reiseskildring
«Øyene i vest» er verken ei faktabok eller ei guidebok, meiner Jareg, men er eit forsøk på ei kulturhistorisk reiseskildring. Forteljinga er skapt med grunnlag frå reiser Jareg har gjort gjennom mange år. Nokre av øyane har Kirsti Jareg besøkt mange gonger, andre berre ein. Ho har ikkje vore på alle øyane, men iallfall dei fleste som har ferjesamband.

Reiseruta startar på dei indre Hebridane, så vidare til dei ytre Hebridane før vi får vere med nordaustover mot Orknøyane. Til slutt går vi i land heilt i nord på Shetland. (©NPK)