Nøgde tilsette i Samlaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har opplevd denne prosessen veldig ryddig, open og så inkluderande som ein kan venta i ein slik situasjon, seier klubbleiar i Det Norske Samlaget, Dag K. Ellingsen, til Nynorsk pressekontor.

Før påske blei det kjent at Samlaget etter førti år skal selja Samlaget Utdanning til Fagbokforlaget. Det betyr nesten ei halvering av staben: 18 årsverk blir flytta, og 23 blir att.

Ellingsen fortel at dei tilsette har kjent til planane sidan i november i fjor, og at det heile tida har vore ein open prosess.

– Vi har både fått informasjon og i stor grad også fått vore delaktige i prosessen, seier han.

– Korleis reagerer dei tilsette på omlegginga?

– Det er nok litt forskjellig. For dei som skal flytta på seg er det mykje nytt og spennande. For oss som blir igjen er det litt vemodig å skilja lag med gode kollegaer, seier Ellingsen, som karakteriserer Samlaget som ein stor familie.

– Er det berre slik at alt er nytt og spennande for dei som skal flytta?

– Eg kjenner ikkje til at nokon kjenner frykt eller er misnøgde, presiserer klubbleiaren.

Han seier dei tilsette i Samlaget Utdanning er kjent som svært høgt kvalifiserte medarbeidarar i heile forlagsbransjen. Han trur likevel ikkje at folk flest vil merka noko til omlegginga og minner om at den skjønnlitterære delen, som er kjerneverksemda til Samlaget, blir verande i forlaget.

– Og dei som er igjen er også svært dyktige, seier han.

Fagbokforlaget skal ta over Samlaget Utdanning 1. mai, medan dei tilsette i Samlaget Utdanning skal vera på plass i lokala til Fagbokforlaget i Oslo innan 1. september. Ellingsen fortel at dei fleste av dei er kvinner, og at dei fleste har vore tilsette i to, tre år. To har derimot arbeidd i Samlaget i 10– 15 år.

Ellingsen kjenner ikkje til om nokon av dei tilsette vil slutta eller ta sluttpakke. (©NPK)